Lokal | 18. apr. 2018

Signerte venskapsavtale med Kina

Dei første turistane frå Pinghu i Kina kan koma allereie til sommaren.

Signerte venskapsavtale med Kina
Varaordførar Shen Zhifeng og ordførar Marie Bruarøy med ein "handshake" etter at intensjonsavtalen var signert (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. apr. 2018 13:54

Bildeserie:

Ordførar og næringssjef tok i mot den kinesiske delegasjonen utanfor rådhuset (foto: AH)
Ordførar og næringssjef tok i mot den kinesiske delegasjonen utanfor rådhuset (foto: AH)
Tid for gruppebilete før dei to kommunane presenterte seg for kvarandre (foto: AH)
Tid for gruppebilete før dei to kommunane presenterte seg for kvarandre (foto: AH)
Gåver høyrer med når ein er på besøk, og når ein får besøk (foto: AH)
Gåver høyrer med når ein er på besøk, og når ein får besøk (foto: AH)
1 av 3
Ordførar og næringssjef tok i mot den kinesiske delegasjonen utanfor rådhuset (foto: AH)
Tid for gruppebilete før dei to kommunane presenterte seg for kvarandre (foto: AH)
Gåver høyrer med når ein er på besøk, og når ein får besøk (foto: AH)

Onsdag fekk Os kommune vitjing av ein delegasjon frå Pinghu City, ein av frontbyane til Shanghai.

– Eg veit eigentleg ikkje kor dei har funne oss, anna enn at dei har søkt oss opp på internett.

– Kva dei ønskjer av besøket veit eg ikkje, men vi kjem til å fortelja om Os og næringslivet her, før vi tek dei med oss til Fusa for å vitja Bolaks, fortalde næringssjef Daniel Skotheim i forkant av møtet.

Saman med ordførar Marie Bruarøy og Terje Raunsgard, leiar for samfunnsutvikling, økonomi og service i Fusa kommune tok han i mot delgasjonen beståande av viseordførar Shen Zifeng frå Pinghu City, Qou Zhien, direktør for byrået for landbruksøkonomi, Zhuang Zhihao, ordførar i bydelen Xincang, Wu Yuqiong, ordførar i Lindai bydel og Li Feng, assisterande rådmann i Pinghu City.

Os x 25

Pinghu ligg i Jiaxing og er eit byfylke i provinsen Zhejiang. Pinghu har omlag 500.000 innbyggjarar og er med det omlag 25 ganger så stort som Os, men minnar mykje om Os i landskapet der det mellom fjordar og fjell. Byen er omlag 7000 år gamal og har eit namn som tydar fredfull sjø på norsk.

Etter at Skotheim hadde presentert Os med næringsutvikling, reiseliv og matkultur lot kinesarane bjørnafjordingane få eit innblikk i sin by ved fjorden. Dette gjorde dei gjennom ein video for å letta språkbarrierane, før dei inviterte Os til å bli ei søsterkommune gjennom ei intensjonsavtale om samarbeid.

Kjem med turistar i sommar

Etter ei rask rådslaging og lesing av forslaget til avtale konkluderte Bruarøy og Skotheim at det ikkje låg nokre økonomiske eller andre forpliktingar med å signere avtalen. Dermed blei det ein høgtidleg signeringssermoni utanfor ordføraren sitt kontor med påfølgjande gåveoverrekking.

– Reiseoperatøren som har organisert alt for dei fortalde meg akkurat at han kjem oppatt til vestlandet i juli saman med fleire turistgrupper frå Pinghu. Han ba om kontaktinformasjon til eit lokalt reiseselskap her på Os, slik at dei kunne koma tilbake og oppleve meir av bygda, så du skal berre sjå at dette er noko som kan utvikla seg, fortalde Skotheim i det delegasjonen var på veg vidare til Fusa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.