Sport | 04. feb. 2013

To sigrar med landslaget

Åsne Takle Eide spelte i helga sin 15. og 16. landskamp, no for jenter 19. Noreg slo Wales suverent på bortebane i begge kampane og Åsne hadde mykje speletid.

To sigrar med landslaget
Åsne med landslagstrøya (nr. 18) i Wales i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. feb. 2013 11:12

Osing og noregsmeister i fotball, Arna-Bjørnar-spelar Åsne Takle Eide, har lang fartstid på aldersbestemt landslag.

Etter 9 kampar for J16 og 4 for J17 spelte Åsne i helga sin 2. og 3. kamp for Noreg sitt J19-landslag.

Kampane gjekk i den walesiske byen Wrexham, begge mot Wales.

Fredag slo Noreg Wales 5-0. Åsne spelte heile kampen på høgreback. Søndag var det ny kamp mot same motstandar. Åsne spelte heile 2. omgang som høgre og venstre kant. Kampen enda 4-0.

– Det var ein kjekk tur og det var gøy å spela med landslaget igjen. Spesielt på fredag, då eg spelte frå start og heile kampen, seier Åsne.

Les meir om kampane på Wales si heimeside.

Vertsnasjon for årets EM

Wales skal arrangera sluttspelet i EM for J19 til sommaren og har uavgjort mot EnglTyd og knepent tap mot Sverige i dei siste kampane før møtet med Noreg i treningskampane i helga.

Noreg skal spela siste kvalik-runde til EM i starten av april mot England, Serbia og Ungarn. Vinnaren går til EM.

Travel vinter og vår

Åsne har spelt i Arna-Bjørnar i 3 sesonger og har fått med seg 55 toppseriekampar, 11 NM-kampar og siger i NM J-19 hausten 2012.

Med Arna-Bjørnar er ho no inne i ein travel kamp- og treningsperiode med mange reiser, blant anna står Danmark, Sverige og Spania for tur dei neste månadane.

– Neste kamp med landslaget blir i La Manga i mars, fortel Åsne.

Seriestart er 13. april borte mot Kolbotn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.