Sport | 25. okt. 2014

Sikra 3. plassen med fin siger

Lysekloster slo tabelltoar Sotra på heimebane i serieavslutninga.

Sikra 3. plassen med fin siger
Dei to andre målskårarane, Sigev Rørstad (t.v.) og Endre Hansen feira Thomas Helland (midten) si flotte 3-1-skåring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. okt. 2014 19:06

Bildeserie:

Rørstad nær på å setja inn nok eit mål, men ballen gjekk utanfor lengste stolpe.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rørstad nær på å setja inn nok eit mål, men ballen gjekk utanfor lengste stolpe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Innlegg av Rørstad blei nikka vidare av Helland.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Innlegg av Rørstad blei nikka vidare av Helland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Endre Hansen fyrta av, forbi fleire spelarar og ein Helland som hadde gått i dekning.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Endre Hansen fyrta av, forbi fleire spelarar og ein Helland som hadde gått i dekning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
2-1 i 67. minutt.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
2-1 i 67. minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så var det Helland sin tur, med denne lobben lurte han både forsvar og keeper.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så var det Helland sin tur, med denne lobben lurte han både forsvar og keeper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
3-1 i 75. minutt.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
3-1 i 75. minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Chris Sunde Midtun hadde to fine redningar før slutt. Kampen enda 3-1.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Chris Sunde Midtun hadde to fine redningar før slutt. Kampen enda 3-1. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Lysekloster spelte sesongens siste kamp på heimebane og gjorde det skarpt mot Sotra, som med poeng i dag kunne ha sikra opprykk om ikkje det hadde vore for at Odda vann sin kamp.

Etter å ha sett førsteomgang i Os-Smørås, ein kamp som enda 1-2, kom Midtsiden ut til stillinga 1-1 mellom 2. og 3. plassen på tabellen.

Sotra tok leiinga på frispark, Lysekloster utlikna tre minutt etterpå.

– Det var eit flott angrep med mange trekk, der Sigve Rørstad sikra oss utlikning før pause, fortel Tore Nielsen.

Overtok i 2. omgang

Nielsen, som har steppa inn som trenar for A-laget i dei siste rundane, seier han hadde fokus på innsats og speleglede i sin peptalk med spelarane før kamp.

– Det var kjekt å sjå at eg fekk som eg ba om, spelarane viste gamle takter mot god motstand i dag, synest han.

Gjestane pressa første del etter pause, men Rørstad, som heile vegen var farleg på venstresida til Lysekloster, fekk eit fint innlegg som innbytar Thomas Helland nikka vidare til ein annan innbytar, Endre Hansen.

Hansen fyrte av frå spiss vinkel, forbi fleire forsvarsspelarar og ein Helland som hadde gått i granat-dekning. 2-1 til Lysekloster i 67. minutt.

Flott chip av Helland

Skåringa gav lagkameratane bensin i skoa og det fleire fleire fine offensive trekk av Lysekloster. På ein lang, høg ball til Helland tok spissen med seg ballen og rista av seg éin før han serverte ein fin og lang chip over både ein forsvarsspelar og keeper. 3-1 i 75. minutt.

Mot slutten kom Sotra frampå igjen, men to flotte redningar av Chris Sunde Midtun gjorde at Lysekloster kunne avslutta sesongen med tomålssiger over tabelltoaren.

Lysekloster - Sotra 3-1 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster: Sigve Rørstad, Endre Hansen og Thomas Helland.

Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Baste Jonassen, Aleksander Andersen, Tore Valvik, Preben Skorpen - Mattias Høiland (Endre Hansen), Joakim Hjelmeland, Simen Birkelund, Johannes Jordal, Sigve Rørstad, Preben Borgen (Thomas Helland).

– Eg er imponert over korleis gutane sto på heilt til slutt, etter ei veke med ny trenar og med litt uro og mediaomtale av trenaravgang. Spesielt Johannes Jordal og Simen Birkelund sto skikkeleg på i dag.

– Eg er sikker på at desse gutane kjem sterkt tilbake neste år, spesielt med den klubben dei har i ryggen. Eg har trent ein del lag, men aldri vore ein stad med så profesjonelt opplegg og sånn dugnadsinnsats frå foreldre til spelarar på alle trinn, seier Nielsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.