Sport | 22. sep. 2009

Sikra eliteplass

Med kveldens bortesiger over Stord er Os sikra plass i junior elite også neste år.

Sikra eliteplass
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. sep. 2009 21:41

I vår tapte juniorlaget 2-9 for Stord, på bortebane tysdag gjekk det betre.

- Det er flott å sjå korleis vi har gått frå store tap i vår til slike fine resultat i haust. Med tre poeng i kveld er vi dessutan sikra plass i junior elite også neste år, jublar trenar Øyvind Steffensen.

Etter 9 kampar før sommarferien sto Os med 2 sigrar, 7 tap og 14-50 i målforskjell. No har Os vunne 3 av 5 kampar etter sommarferien, med målforskjell 17-15.

Os tapte riktignok 0-7 for Brann i førre heimekamp, men det er ikkje så gale når vi ser kva juniorane til Brann gjorde med Odda/Harding på sundag. Då kampen var ferdig sto det heile 32-0 til heimelaget frå Bergen.

1-1 til pause på Stord
Kveldens kamp starta med massivt press frå heimelaget. Stord kjempar på nest nederste plass, og styrte dei første 15 minuttane av kampen mot Os.

- Men så skåra Daniel Vevatne, og stordingane roa seg litt. Vi fekk corner kort tid etterpå, og då fekk dei dessverre kontra, så det sto 1-1 til pause, fortel Steffensen.

Berre Os i andre
I andre omgang var osingane betre. Os-trenaren meiner det ikkje var ein spesielt fin kamp, men mykje kjemping og duellar spelarane hans kom godt ut av.

- Vi tok leiinga igjen med eit flott langskot av Vegard Engelsen Moberg, og auka til 3-1 etter flott prestasjon av Stian Helland.

John Ole Johannessen sørgja for 4-1 før slutt.

- Det einaste skåret i gleda var at ein Stord-spelar braut foten tidleg i kampen. I duell med Børge Borgen sto foten hans feil, så han må nok stå over dei tre siste kampane denne hausten, seier Steffensen.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.