Næringsliv | 13. juli 2011

Sikrar rør utan dykkarar

Oljebransjen har i mange år ønska å sikre rørgjennomføring utan bruk av dykkarar. No er løysinga på plass med hjelp frå Os.

Sikrar rør utan dykkarar
Andris Hamreonsdag 13. juli 2011 10:47

Kjell Bjørnar Størksen har vel 25 års erfaring frå Nordsjøen, mange av dei som inspektør av strukturar og plattformar. Han arbeider no som department manager i AGR Field Operations. Eit børsnotert selskap med omlag 1800 medarbeidarar spredd i heile verda.

- I samband med ein inspeksjon i 1999 oppdaga vi eit problem på ein plattform kor røyra ned til havbotn fekk stor slitasje der kor dei gjekk gjennom plattform strukturen.

- Dette var eit kjend problem i Nordsjøen og vi løyste det midlertidig der og då, forklarar Størksen.

Han ville ikkje heilt gi slipp på problemet og funderte på korleis ein kunne løyse det på ein permanent måte.

Punktvis støtte var problemet

Den konvensjonelle løysinga var at røra blei stabilisert i gjennomføringane ved hjelp av punktvise støtter i stål som heldt røra i senter av gjennomføringane.

- Problemet var at det blei store belastningar på små flater som gjorde at materialet i røra og plattform strukturen blei utsett for slitasje og sprekker, freister Størksen å forklara ei landkrabbe av ein journalist.

Eingongsløysing der og då

Etter eit par år i tenkeboksen kom Størksen fram til eit materiale og ei løysing med eit elastisk materiale som ein støpte rundt røra og som helt dei stabilt på plass.

- Fordelen med den løysinga var at belastninga på røra blei fordelt på større flater og dermed minska risikoen for skader og sprekker, forklarar Størksen.

Størksen fekk installert løysinga på platformen som ein eingongsløysing som viste seg å fungera.

- Etterkvart blei dette ei meir vanleg løysing over vatnlina på fleire plattformar, fortel Størksen.

Kunne det gjerast under vatn?

Omlag seks år seinare var det nokon i miljøet som kom på at det var Størksen som hadde kome fram til løysinga med formstøpt støtte og som tok kontakt med spørsmål om han kunne finne på ei løysing som kunne nyttast også under vatn.

- Eg er jo så nysgjerrig og glad i utfordringar at eg jo berre måtte ta utfordringa, smiler oppfinneren.

Ville ikkje nytte dykkarar

Metodane som framleis er mest i bruk under vatn involverar dykkarar og er tidkrevande og omfattande prosessar.

- Oljeselskapa er opptekne av å finne løysingar der dei ikkje treng nytte dykkarar av både HMS-omsyn og av omsyn til kostnadar, forklarar Størksen.

To års testing

Størksen gjekk igjen i tenkeboksen. Ei av utfordringane var at dei ikkje kunne formstøpa under vatn. I staden fall dei ned på ei løysing med prefabrikerte «kakestykker» laga på mål.

- Løysinga måtte også vera såpass enkel at vi kunne nytte ein ROV til monteringa i staden for dykkarar.

- Vi jobba oss fram til ei løysing som vi etterkvart køyrde ein vellukka fullskalatest på, forklarar Størksen.

Turde ikkje vera med

I slutten av juni installerte Statoil løysinga på Brage-plattformen i Nordsjøen. Løysinga er 100% vedlikehaldsfri og kallast CSS Subsea.

Den blei montert ved hjelp av ein ROV på 38 meters djup.

Heile operasjonen tok berre ein time og blir av Statoil beskriven som ein ubetinga suksess.

- Overvar du den første reelle monteringa av løysinga di?

- Nei, det turde eg ikkje. Til det var det for spennande, smiler Størksen.

- Men eg var med dei i tankane sjølv om monteringa gjekk føre seg tidleg på morgonen.

- Klokka sju på morgonkvisten fekk eg ein telefon frå ein kollega som var med på operasjonen om at alt hadde gått etter planen og var vellukka, fortel Størksen.

- Det blei ein god dag, slår oppfinnaren fast med eit smil.

Størksen har no levert ein verdsomspennande patent på løysinga. Medan den blir handsama er ho beskytta slik at konkurrentar ikkje kan kopiera den.

Sjå korleis løysinga fungerer her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.