Sport | 23. apr. 2014

Simen leia Brann 2 i snuoperasjon

Kaptein Simen Lassen fekk ein spennande start på sesongen. – Osingane Simen og Fredrik leverte på høgt nivå, seier trenar Helge Nilsen.

Simen leia Brann 2 i snuoperasjon
Simen Helland Lassen, her i oppvarming med A-laget før Brann-Tromsø i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. apr. 2014 07:31

Simen Helland Lassen (20) og Fredrik Heggland (18) frå Os er inne i sin andre sesong for SK Brann.

I går spelte dei frå start og kampen ut då Brann 2 hadde seriestart i Oddsenligaen på bortebane mot Grorud. Brann 2 stilte utan spelarar frå A-troppen, då dei førebur seg på NM-kamp i morgon.

Simen er kaptein på Brann 2 og var einaste seniorspelar i gårsdagens bortekamp.

Grorud leia 2-0 i 62. minutt, Brann 2 utlikna i 70. minutt og gjekk opp i leiinga i 83. minutt. Grorud fekk utlikna på overtid, på tvilsamt vis ifølgje Brann-spelarane, men slurva og gav gjestane sjansen til å ta tre poeng likevel.

Grorud - Brann 2 3-4 (1-0)
Mål: 1-0: Jonas Tekle (20.), 2-0: Tekle (62.), 2-1: Jone Rugland (69.), 2-2: Joachim Soltvedt (70.), 2-3: Rugland (83.), 3-3: Jens Olav Grønhaug (90.), 3-4: Soltvedt (90.).
Brann 2 (4-4-1-1): Ludvig Lynum - Jan Ruben Sleen, Fredrik Heggland, Fredrik Pallesen Knudsen, Brian Jensen - Trygve Ellingstad (Oliver Rotihaug fra 81.), Simen Lassen, Matias Sjursæther, Joachim Soltvedt - Jone Rugland (Joachim Bjånesøy fra 85.) - Didrik Angell (Rune Aasheim Mo fra 46.).

Les meir om kampen på Brann.no.

– Grorud kom på 4. plass i fjor og det at vi snur denne kampen med eit så ungt lag fortel at det er mange gode spelarar i Hordaland, blant anna i Os, seier Helge Nilsen.

– Kan blir Tippeliga kor tid som helst

Fredrik, som fyller 19 år i november, er framleis junior og har halde på plassen sin på B-lista til A-laget.

I april skåra midtstopparen frå Os Brann 2 sitt einaste mål i treningskamp mot landslaget til Turkmenistan.

Simen, som er førsteårs senior, treng proffkontrakt for å debutera for A-laget. Han kom ikkje på banen mot Aalesund på La Manga og var småskadd og fekk heller ikkje spela på treningsleir i Tyrkia med Brann 2.

– Men Simen er ei fabelaktig fotballspelar, vi har han ikkje her på gøy. No er han skadefri og sterk, og han kan bli aktuell kor tid som helst, seier Nilsen.

– Med ny trenar og fleire nye spelarar i stallen, er konkurransen om plass på A-laget hardare for osingane no enn i fjor haust?

– Eg vil ikkje seia det. Spesielt på midtbanen er det alltid hard konkurranse, og nett no er det ein skadefri gjeng i A-stallen.

– Men du skal høyra diskusjonane eg og Richard Norling har om Simen ... No skal eg ikkje seia for mykje, men Simen er «på frågan» heile tida.

– Han skal berre halda fram som no, vera frampå, levera i kamp og halda seg skadefri. Det gjeld å vera klar den dagen sjansen byr seg, og sånn Simen er no så er han klar, meiner Nilsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.