Brannvesen, ambulans og politi rykte ut til Rødsliane tysdag morgon. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Bil velta i Rødsliane

Bilførar har ikkje lappen, bilen er uregistrert.

image
Av: Andris Hamre

Tysdag morgon rundt klokka 7.01 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på fylkesveg 137 Hegglandsdalsvegen. Ein bil skal ha køyrd i fjellveggen før den hamna over på sida.

Ambulanse, brannvesen og politi frå Bergen rykte ut.

Ulykka skjedde i Rødsliane/Rødskleivane, mellom Rød og Lønningdal. Det var berre éin bil involvert.

– Då vi kom fram hadde bilistane heldigvis vist fornuft og sørgja for at det var ope for redningspersonell fram til staden. At lensmann i Kvam (Terje Sperrevik) var blant dei som sto i bilkøen, var til hjelp, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Uskadd bilførar

Bilen låg velta over på sida då brannvesenet kom ryggande ned til staden.

Det var éin person i bilen. Politiet melder via Twitter at vedkomande kom uskadd frå ulykka, men han skal vera frakta til Haukeland for sjekk.

– Det var så smalt at vi måtte slepa bilen eit stykke på sida før vi kunne få den ned på rett kjøl, fortel Gjøsund.

Ulykka skjedde på eit av dei smalaste partia av vegen, og det var full stopp i begge retningar fram til bilen var fjerna. Fjerninga av bilen kunne først starta etter at politi frå Fana og Fyllingsdalen hadde kome til staden og gjort undersøkingar.

Utan førarkort

Bilførar er ein utanlandsk mann i 20-åra.

– Vedkomande har ikkje førarkort og er meldt for dette. Han blei tatt med for blodprøvetaking, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

På bilen står prøveskilt som er utgått på dato.

Politiet seier det er mogleg at bilen heller ikkje har gyldig forsikring.