Lokal | 21. apr. 2014

Sint finne slo drosjesjåfør

Politiet rykte ut til Søfteland etter at ein passasjer gjekk fysisk til verks for å få sjåføren til å kjøra fortare.

Sint finne slo drosjesjåfør
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. apr. 2014 19:09

Måndag i 19-tida rykte politiet i Os ut til krangel mellom drosjesjåfør og passasjer.

Drosjesjåføren, som er frå Bergen, hadde stoppa maxitaxien på Søfteland etter at passasjeren slo til han.

Omveg frå Flesland til Halhjem?

Krangelen oppsto då passasjeren, ein mann i 50-60-åra frå Finnland, hadde det travelt med å koma seg frå Flesland til Stord.

– Føraren fortel at passasjeren var sint og slo for å få han til å kjøra fortare.

– Passasjeren seier krangelen byrja då han meinte drosjen hadde tatt ein omveg, og at turen blei for dyr, fortel politiet i Os.

Passasjeren innrømte å ha «lappa» til føraren. Dei to ordna opp på staden og passasjeren skjønte at han måtte betala full pris og at Søfteland ikkje var ein omveg.

Fekk uønskt mann på besøk

Søndag blei roleg for politiet i Os.

Dei fekk melding om nokre lause hundar på Lekven og avskilta ein bil parkert i Os sentrum.

– I 5.30-tida måndag morgon fekk vi melding om nokon som hadde fått ein uønskt mann på besøk.

– Det blei ingen operative tiltak, men vedkomande blir kanskje meldt i etterkant.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.