Kultur | 25. mai 2016

Sinte fuglar og mutantar

Det er Angry Birds Filmen og X-Men: Apocalypse som rundar av vårsesongen på Bygdekinoen i Oseana.

Sinte fuglar og mutantar
Angry Birds Filmen (Distributør: United International Pictures). X-Men: Apocalypse (Foto/Copyright: 20th Century Fox).
Kari M. Lyssandonsdag 25. mai 2016 10:13

Sundag 29. mai er det tid for vårens siste kinoframsyning i Oseana. Då er det filmen om Angry Birds og X-Men: Apocalypse som skal visast på det store lerretet.

Angry Birds Filmen

Spelet Angry Birds gjekk som ein farsott over heile verda for nokre år sidan, og har etterkvart kome i fleire variantar. No kjem filmen basert på det populære spelet og det blir sinte fuglar og grøne grisar på eggejakt.

Fugleøya er eit lite paradis, her bur det fuglar som aldri har tatt seg bryet med å læra seg å fly. Hissigproppar tolererast ikkje og det er ikkje bra for Red som slit med temperamentet sitt.

Når ein gjeng med grisar invaderer øya til fuglane og stjeler alle egga deira må Red, saman med Chuck og Bomba, forsøka å få dei tilbake før det er for seint.

Filmen startar klokka 16:00 og har 6 års aldersgrense.

X-Men: Apocalypse

Det har kome ei rekke filmar om X-Men frå Marvel. Apocalypse er den sterkaste mutanten i X-Men universet og han blir vekka til live etter å ha sove i tusenvis av år.

Apocalypse har blitt tilbede som ein gud for sine udødelege og uovervinnelege krefter sidan sivilisasjonens byrjing. Desillusjonert av verda han vaknar opp til legg han ein ond plan om å kast ejorda i ein apokalypse for å reinske menneskeheita og skape ein ny verdsorden.

Han rekruterer ei gruppe kraftige mutantar, der blant anna vi møter ein motlaus Magneto (michael Fassbender). No som sjebnen til jorda heng i ein tynn tråd, må Raven (Jennifer Lawrence) og Professor X (James McAvoy) leie eit team med unge X-Men for å stoppe deira største nemesis og redde menneskeslekta frå total øydeleggjing.

Filmen startar klokka 19:00 og har 12 års aldersgrense.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.