Sport | 31. okt. 2009

Sirkuset er i gong

Over ein time før kampstart byrja tribunen å bli fylt. Det ser ut som om mange stiller opp for å støtta laga sine i kamp om opprykk. Her er Os sin startellevar.

Sirkuset er i gong
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. okt. 2009 12:20

Bildeserie:

1 av 6

Kamp om opprykk til 2. divisjon:
Os - Austevoll

Sidan klokka 12 i dag har det vore eit yrande liv på Kuventræ, og kvart på eitt, ein dryg time før kampstart, var spelarar og dei første supportarane frå begge lag på plass.

Kampstart er klokka 14.00, og Os Turn Fotball ventar rundt 1000 gjestar på Kuventræ i dag.

Tim spelar frå start
Toppskårar Tim Henrik Sperrevik, som blei skadd i bortekampen førre helg, er friskmeldt og klar frå start for Os i dag. Einaste justering frå førre kamp er at Tore Valvik er flytta fram som venstrekant, medan Christian Almeland går ut. Inn på Valvik sin førre plass på midtbanen kjem Vegard Leikvoll Moberg.

Desse 11 startar (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Frode Buvik, Stian Lunde, Vegard Leikvoll Moberg, Torkel Hjertnes, Tore Valvik og Tim Henrik Sperrevik.

Vi har førebels ikkje fått startellevaren til Austevoll.

Du kan følgja kampen minutt for minutt på osturnfotball.no.

Midtsiden.no blir oppdatert i pausen, med bilde og nokre ord om første halvdel av opprykkskampen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.