Lokal | 21. nov. 2017

Siste dag med dette på ei stund

Åtvarar mot vanskelege køyreforhold frå tysdag kveld til torsdag.

Siste dag med dette på ei stund
Låg haustsol over stupebrettet i Mobergsvikjo tysdag førmiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 21. nov. 2017 12:01

Etter eit par dagar med sol og kaldt vintervêr må vi no belaga oss på litt meir rufsate forhold dei kommande dagane.

– Vanskelege køyreforhold og lokale forsinkelsar. Det er nødvendig å vera skodd etter forholda, åtvarar meterologane i OBS-varselet.

Regn og vind

I følgje YR.no vil regnet komma natt til onsdag og helde fram til søndag morgon før vi igjen ser ut til å gå ei periode med fint og kaldt vêr igjen.

Temperaturer berre så vidt på pluss-sida auker faren for at det spesielt onsdag morgon kan vera fare for glatte vegar. Mest regn kjem det truleg torsdag med 14,2 millimeter varsla mellom klokka 6 og 12 på førmiddagen.

Utover i veka stig temperaturen opp i fem seks varmegrader, men vinden aukar også på. Torsdag ettermiddag og kveld er det venta opp mot stiv kuling frå sør-søraust. Også onsdag kveld blir det friskt med liten kuling frå same retning.

Sjå langtidsvarselet for Osøyro her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.