Lokal | 25. juni 2017

Siste dag med regn!

Melder 20 grader og sol - og opphaldvêr til og med laurdag.

Siste dag med regn!
Denne regnbogen landa i Kvernavika laurdag kveld. Bildet er tatt frå undersida av Strønebruo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. juni 2017 07:45

– Dette har ikkje skjedd på 65 år, skreiv BT for fire dagar sidan.

Då hadde det regna kvar dag i juni, 22 dagar i strekk.

Som kjent har det også regna dei neste fire, men no er det slutt.

Sol og 20 gradar

Det er også meldt nedbør utover dagen i dag, søndag. Yr melder at det skal letta i 17-18-tida, Storm at det skal regna fram til midnatt.

Men frå natt til måndag og ei veke fram er det meldt opphaldsvêr.

Det er meldt lettskya til og med laurdag, Storm melder noko blåare himmel enn Yr.

• Sjå detaljert vêrvarsel for Os frå Yr og Storm, side om side, på Pent.no.

Temperaturen skal stiga gradvis utover veka, frå 11 gradar måndag til 14 gradar tysdag og 18 gradar onsdag.

Torsdag og fredag er det meldt 20 varmegradar!

Det er meldt 6-8 m/s vind måndag, men under 4 m/s tysdag og ut veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.