Sport | 31. mars 2017

Siste finpuss før kamp om kongepokal

I morgon køyrer «Kuven Storm» om 200.000 kroner og kongepokal. I går var Midtsiden med brørne Borgen på siste runde i Os før avreise til Bjerkebanen.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 31. mars 2017 10:05

– Du kan ikkje kalla det treningsrunde, treninga må du vera ajour med når det er to dagar til kamp om kongepokal, seier kusk Jonn Borgen.

– Men han skal få gå nokre rundar så han får litt blodsirkulasjon før vi skal på Bjerke.

Jonn, som fylte 71 år i desember, er yngstemann i den travsportinteresserte brødreflokken. Familien har drive med hest sidan 1955, og Jonn held framleis på saman med Henrik og Hans Kristian, som i år blir 77 og 81 år.

Midtsiden var med då Henrik, som trener Kuven Storm, og Jonn, tok nokre rolege rundar i hesteløypa torsdag ettermiddag.

Blei historisk i 2016

– Kuven Storm er laga på 4. generasjonshoppe frå Kuven. Vi har hatt 30-40 hestar, men eg har aldri vore med på noko så lovande, sa Jonn i fjor.

2016 blei eit svært bra år.

Jonn vann med to hestar i mai, blei månadens hesteeigar i Noreg i juni og kvalifiserte til kriteriefinale for 3-åringar i september og blei med det den eldste kusken som nokosinne har køyrd Norsk Travkriterium eller Norsk Travderby (der han var nær dei store pengepremiane).

Kan vinna 200.000 kroner

I førre veke blei det 1. plass på Borgen og Kuven Storm i lokalt løp på Bergen Travpark.

I morgon er «Kuven Storm» ein av tolv hestar som kjempar om store premiar og H. M. Kongens pokal, som er for dei beste fireåringane i landet.

1. plass gir 200.000 kroner, 2. plass gir 100.000. Vidare er det 50.000, 25.000 og 15.000 for dei neste plasseringane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.