Kultur | 02. juli 2015

Siste finpuss på Lysekloster

Den formelle overtakinga blir det venta litt med - men Lysekloster barneskule blir med god margin klar til skulestart i august.

Siste finpuss på Lysekloster
Lysekloster barneskule tysdag. Skulen er nesten klar for forell overtaking. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. juli 2015 10:10

Bildeserie:

Noko arbeid utandørs står igjen. I dag blir det asfaltert. (Foto: KMAL)
Noko arbeid utandørs står igjen. I dag blir det asfaltert. (Foto: KMAL)
Os kommune på synfaring tysdag. (Foto: KMAL)
Os kommune på synfaring tysdag. (Foto: KMAL)
Arbeidet med møblering er så vidt i gang. (Foto: KMAL)
Arbeidet med møblering er så vidt i gang. (Foto: KMAL)
Nytt musikkrom med amfi. (Foto: KMAL)
Nytt musikkrom med amfi. (Foto: KMAL)
I forgrunnen er brakkene som har vore midlertidige klasserom dette skuleåret. (Foto: KMAL)
I forgrunnen er brakkene som har vore midlertidige klasserom dette skuleåret. (Foto: KMAL)
Skulen har ein arkitektur rik på detaljar. (Foto: KMAL)
Skulen har ein arkitektur rik på detaljar. (Foto: KMAL)
Mesteparten av skulen er fargerik, men ikkje heile. (Foto: KMAL)
Mesteparten av skulen er fargerik, men ikkje heile. (Foto: KMAL)
1 av 7

Tysdag var Os kommune på synfaring i samband med overtaking av nye Lysekloster barneskule.

Planlagt dato var 1. juli.

– Bruksløyve er ikkje på plass, så vi ventar litt med den formelle overtaking. Men det er ingen dramatikk i det, seier prosjektleiar Tor Inge Døsen i Os kommune.

– Det gjenstår nokre detaljar på enkelte handverkarfag, og siste asfaltering blir tatt i dag.

– Ei tilleggsbestilling på eit datarom i andreetasjen, og noko arbeid mellom bygningane, som ikkje kunne starta før skuleferien 24. juni, er årsakene til at litt arbeid gjenstår, seier Morten A. Hansen i Vestafjell.

Ny og større

«Vår anbefaling til Os kommune er å tenke nytt for Lysekloster skule. Vi anbefaler å rive eksisterende undervisningsfløy og å bygge ny fløy i to eller flere etasjer» skreiv Multiconsult i sin tilsynsrapport i 2011.

Sånn blei det. I juli i fjor var det byggestart, og i tillegg til at skulen er ny, er den større og med fleire nye rom.

• Oppunder 400 kvadratmeter meir til undervising.

• Lysekloster barnskule får eigen elevkantine.

• Eige datarom, noko skulen ikkje har hatt før.

• Nytt og større bibliotek (det gamle biblioteket blir undervisingsrom).

– Smart bestilling

Det nye skulebygget er over to etasjar, men berre nokre få rom i andre etasje er innreia.

– Her har kommunen vore smart i bestillinga. Dei kjem til å spara på mange måtar når dei ein dag skal bruka heile bygget, meiner Vestafjell-direktøren.

Andreetasjen er nemleg bygd for å stå klar til innreiing når behovet kjem, når Lysekloster krins har vakse så mykje i folketal at det blir to klassar per trinn (to-parallell).

– Skal du utvida med éin etasje så vil det både kosta pengar og føra til visse HMS-utfordringar for både tilsette og elevar i byggeprioden. No står etasjen klar.

Les òg: Ein dobbel skule reiser seg

600 - 800 kvadratmeter blir ståande uinnreidd i andre etasje i det nye skulebygget.

– Det er venta at Lysekloster krins skal auka i folketal. Når E39 Svegatjørn - Rådal er klar, med tilhøyrande veg mot Åsen, og om Lyseparken blir ein suksess med mange arbeidsplassar, kan veksten koma fort, seier Døsen.

Elevane fekk sjå

Rektor Ole Lars Strønen er svært nøgd med nybygget.

– Det blei ordna sånn at elevane fekk koma inn og sjå før dei tok ferie.

– Både elevar og vi tilsette ser veldig fram til å ta skulen i bruk, seier Strønen.

Ombygging i haustferien

Eit anna prosjekt, som ikkje låg i hovudentreprisen, er ombygging av administrasjonslokalene.

– Dette arbeidet vil truleg ta ei dryg veke, og vil i hovudsak pågå i haustferien i oktober, seier Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.