Sport | 01. aug. 2014

Siste førebuing før VM

Måndag reiser osingen Arne Hadler-Olsen saman med tre andre til junior VM der dei beste unge roarane i verda samlast til dyst.

Siste førebuing før VM
Klare for VM. Frå venstre: Adrian Lindberg (Tønsberg), Petter Bang Andreassen (Fana), Arne Hadler-Olsen (Os), Didrik Wie Soltvedt (Bergen). (Privat foto)
Kari M. Lyssandfredag 01. aug. 2014 09:36

I starten på juli fekk Arne Hadler-Olsen beskjeden om at han var teken ut til firaren under junior-VM i Hamburg 6. - 10. august.

Saman med Didrik Wie Soltvedt (Bergen, Petter Bang Andreassen (Fana) og Adrian Lindberg (Tønsberg) har dei dei siste vekene trent hardt for å bli samrodde.

- No held vi på med siste førebuingane på Rilsanlegget Årungen på Ås, før vi reiser til Hamburg måndag, fortel Audun Hadler-Olsen som har fått ansvaret for firaren.

Tysdag 5. august er det opningsseremoni medan Arne og dei andre set i gong med forsøk onsdag ettermiddag.

Knallhardt nivå

Det er 54 nasjonar med i VM og 740 deltakarar. I firer stiller det 24 nasjonar og trekninga innleiingsvis har betydning for korleis det kan gå med nordmennene.

- Det er eit knallhardt nivå, men vi er klare.

Gutane har ikkje rodd saman i firar før, men blir rekna som dei beste scullar-roarane i landet.

Landslagsleiinga si grunngjeving for uttaket av dei fire var: «U194X består av de beste juniorene i 1X i landet og sendes som et utviklingslag. De har alle vist stor vilje til å satse og potensiale til å utvikle seg videre som seniorer. Det forventes god progresjon av lagene frem til junior VM i august.»

- Førebuingane dei siste vekene har godt som planlagt og gutane er i godt slag, så vi har som mål å koma oss til semifinalen som er blant dei 12 beste, seier Audun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.