Næringsliv | 30. aug. 2016

Siste innspurt for Europris

Europris har fått eit skikkeleg løft etter ei hektisk periode med ombygging. Torsdag opner dei igjen.

Siste innspurt for Europris
May Britt skryt av medarbeidarane som virkeleg har stått på for å få alt klart til reopninga torsdag klokka 9 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 30. aug. 2016 08:24

Bildeserie:

Nye lokaler gjev nye moglegheiter og plassering av varene (foto: KVB)
Nye lokaler gjev nye moglegheiter og plassering av varene (foto: KVB)
May Britt trur tekstil-segmentet vil auka mest (foto: KVB)
May Britt trur tekstil-segmentet vil auka mest (foto: KVB)
Dei fleste varene byrjar å kome på plass (foto: KVB)
Dei fleste varene byrjar å kome på plass (foto: KVB)
Mange har vore på døra for å få ein sniktitt på korleis den nye butikken blir (foto: KVB)
Mange har vore på døra for å få ein sniktitt på korleis den nye butikken blir (foto: KVB)
1 av 4
Nye lokaler gjev nye moglegheiter og plassering av varene (foto: KVB)
May Britt trur tekstil-segmentet vil auka mest (foto: KVB)
Dei fleste varene byrjar å kome på plass (foto: KVB)
Mange har vore på døra for å få ein sniktitt på korleis den nye butikken blir (foto: KVB)

Etter ein kort periode med stengte dører er Europris Os snart klar for nyopninga torsdag.

Innehavar May Britt Nymark Skåla får samla heile utvalet på eitt plan i nyoppført tilbygg på AMFI Os.

Storleiken er den same, utvalet er det samme, likevel framstår den nye butikken som noko ganske anna enn den førre.

– Moderniseringa og ombygginga blir eit skikkeleg løft for oss. Det er først no eg ser kor dårleg lys vi hadde, seier May Britt.

Trur tekstil vil auka mest

Under dei nye lampane står hyller fylt med alt frå shampoo og kattemat til verktøy og chips.

– Eg synest alle varene kjem betre fram. Sorteringa er òg betre og meir ryddig og betre. Butikken blir lang meir oversiktleg og tiltalande. Det blir mykje lettare for kundane å finna fram til varene og tilboda. I tillegg vil vi no ha forretningen på eitt gulv, noko som òg er ei forbetring for oss som jobbar her.

– Vi kjem nok til å veksa i omsetnad på alle varegrupper, men tekstil trur eg vil skilja ut. Før hadde vi tekstil i 2. etasje, noko som gjorde at fleire trudde at vi hadde slutta med labbar og andre tekstilvarer.

Nysgjerrige kundar

Skåla fortel at det har vore mange lange blikk medan dei har helde på med oppussinga.

– Kundane har følgd med oss under ombygginga, og mange har vore på døra fleire gonger for å sjå korleis det blir. Dei er veldig spente og forventningsfulle. Vi har fått klare tilbakemeldingar på at dei gler seg til den 1100 kvadratmeter store og "nye" butikken.

– I tillegg trur eg dei set pris på dei flotte medarbeiderane mine. Vi satser mykje på god service og godt arbeidsmiljø. Det set kundane pris på og resultatet blir eit triveleg miljø for oss alle i butikken, seier May Britt som har vore med siden butikken blei opna i april 1998 og som franchise-takar frå 2009.

Rustar opp heile kjeda

Opprustinga av Europris-butikken på Amfi er berre ei av mange moderniseringar i kjeda. I 2009 blei 51 butikkar bygd om og modernisert, 9 nye butikkar har kome til og 7 har blitt relokalisert.

– Dette er det største omfanget av modernisering og oppgradering i Europris si historie. Vi held fram i 2016 med minst ti nye forretningar, fleire ombyggingar og mange relokaliseringar. Vi er veldig trygge på at kundane etter kvart, i stadig aukande grad vil merka denne forandringa av Europris-konseptet, fortel Pål Wibe, administrerande direktør i Europris.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.