Sport | 03. juni 2011

Siste økt i Fjellheim

Aerobic-gjengen i Os Turn hadde tysdag si siste treningsøkt i det gamle kulturhuset. Men det er ikkje slutt for mage, rumpe, lår-timane.

Siste økt i Fjellheim
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juni 2011 11:14

Laurdag blei det halde gravøl for Fjellheim, ein fest Midtsiden dessverre ikkje fekk med seg, tysdag hadde aerobic-gjengen si siste treningsøkt i huset som Os Turnforening og Os Musikkforening i si tid bygde.

– Det er mange år sidan Os Turn starta med aerobic, og mange har blitt verande på desse timane sjølv om dei samstundes har vore medlem ved andre treningssentre, fortel Marianne Bruarøy.

Sjølv instruerte ho for Os Turn første gong for 25 år sidan. For 16 år sidan gjorde ho comeback, parallelt med instruksjon på andre sentre, og sidan har ho halde Os Turn-gjengen i sving med mage, rumpe, lår.

– Fjellheim har vore eit fantastisk lokale. Godt golv, høgt under taket og vindauge som kan opnast. At ikkje vi har hatt spegl har kravd litt ekstra instruksjon, men det har fungert godt å gå frå deltakar til deltakar for å retta litt på teknikken.

Tysdag 31. mai blei siste MRL-time i Fjellheim, men Os Turn har fått ny treningstid i eit anna lokale.

– Vi startar opp igjen til hausten, men då blir det om måndagane på Os Gymnas, seier Marianne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.