Comedy Fight Club på Catten

Sjå 6 minutt av fightcluben

Grove vitsar og fin musikk fell i smak hos smikkfull sal på Catten påskeaftan.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Påskeaftan var tradisjon tru tid for standup på Catten, også i år i formatet «comedy fight club», som startar med roast, så får komikarane kvar sine 7 minutt med favoritmateriale som dei blir rangert på.

Den som haustar mest applaus får starta andre omgang sist, og andreomgangen er vanskeleg, for då skriv komikarane materiale ut frå tema publikum har kome med.

• Les òg: Skal grilla kvarandre i tøff påskekamp

Først fekk publikum eit gledeleg gjensyn med ringleiar Grim Moberg, som ofte får spørsmål om han er frå Os, og som på ein elegang måte viste kvifor. Både før og etter at fight club-deltakarane var i elden fekk vi høyra litt om Grim sin graviditet, og heldigvis litt om besteforelda hans.

Kvass Kristoffersen

Roasten var tett og god, der var nok Jan Tore Kristoffersen, han som har vore flest gongar på standup på Os, også den kvassaste.

Tor Inge Ulveseth stilte med gitar og eigen tekst på Postgirobygget sin «Idyll». Han akkompagnerte òg seg sjølv fortelja ei tett ramse med tørre, men gode vitsar.

Camilla Olsen fekk ein del ut av det å vera einaste kvinne, men ikkje nok til å kjempa i toppen.

Samla sett, etter roast og kvar sine 7 minutt, var det Snapchat-kongen Kevin Kildal, aka Arnt Finésse, som hausta mest applaus og blei kåra til vinnar.

Debutant stakk av med sigeren

Tema for runde to, som blei plukka opp av bollen, var plast i kval, utflod, Nord-Korea, påskeferie, atombombe, innavl, russelåter og klovnar.

Å skriva vitsar på 15 minutt er ingen enkel sak, men dei fire fekk publikum til å le også etter pause. Også her var det Kildal som fekk mest jubel og latter, og blei kåra til vinnar framfor Kristoffersen.

– Eg har vore med på roast før, men ikkje fight club. Eg var så nervøs at eg heldt på å spy før eg skulle på scenen, seier vinnaren til Midtsiden etter showet.