Fontene i takrenne

Her går vatnet OPP takrenna!

VIDEO: – I løpet av 50 år i byggebransjen har eg aldri sett noko liknande, seier innsendar.

Av: Andris Hamre

Det har vore mykje regn dei siste døgna og både jorda og avlaup er metta, og i einskilde tilfelle, over det det klarar å handtere.

Frå Øyvind Tøsdal har vi fått denne videoen kor vatnspruten står opp av nedløpet frå ei takrenne.

– Eg har etter 50 år i byggebransjen ikkje sett liknande. Taknedløpet er kopla til overvassleidning som igjen er full og under trykk som fører til tilbakeslag og fontene på taket, skriv Tøsdal i meldinga til Midtsiden.

• Har du tips eller bilde send til tips@midtsiden.no.

Les óg:

Flo og flaum i Os hamn 
Gangbru tatt av Oselvo 
Fiskebutikken stengt grunna flaum