Undervatnkamera Osbruo

Nye webkamera over og under vatn

Ny nettside for Os gjestehamn lansert i dag: No kan du følgja med på livet over og under vasskorpa via fem nye webkamera.

image
image
Av: Andris Hamre

Som ein del av turismesatsinga, og å gjera Os hamn endå meir attraktiv for båtfolket, lanserte Os kommune måndag nettsida osgjestehamn.no.

Her kan tilreisande og andre kan sjå korleis tilhøva er, før dei kjem.

– VI har no fire kamera for Os gjestehamn plassert slik at ein lett finn ledig plass som båtturist før anløp, eller ein kan sjå vêr og vind frå sofakroken.

– For bubil/caravan-folket, blir det no lett å sjå om det er ledig plass på Haugsneset ved hjelp av kamerat som står på den ytre moloen, fortel næringssjef Daniel Skotheim.

Dei fire kameraene er plassert ved ytre molo, indre molo, Oseana/Os marina og på eit tak i sentrum for oversyn over hamna.

Følg fisken

Det femte kameraet er plassert under vatn ved Osbrua og filmar fisken som står og ventar på å gå opp Oselvo.

– Det er eit yrande liv under vatn viser testane vi har køyrd, smiler Skotheim.

Eit døme på det kan du sjå i videoen i denne saka. Filmen er frå testkøyring 11. mai.

Har tatt personvernomsyn

Kamera over vatn er eit såkalla «timelaps»-kamera som tek eitt bilete kvart 15 minutt.

– Dei har lang lukkartid, så alle personar og objekt eller dyr i røysle kjem ikkje med. På den måten blir også personvernet sikra.

– Kameraet under vatn er live, og her kan du sitja 24 timer i døgnet og sjå både laks og lyr. Det er Varde Media som har levert kamera og løysinga.

Ny betalingsløysing

På nettsida har kommunen også lagt inn sonekart for gjestehamna, oversikt over fasilitetar og kor ein kan legga til.

– Dette kartet er under revidering og blir oppdatert snarleg, då vi i løpet av kort tid også har på plass ein ny betalingsløysing for Os gjestehamn, avsluttar Skotheim.