Lokal | 25. feb. 2018

Sjå kva Åge fekk i garnet

– Den vog nesten seks kilo, fortel fiskaren.

Sjå kva Åge fekk i garnet
Åge Haugland fekk denne oteren i garnet torsdag. (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. feb. 2018 19:18

Åge Haugland fekk seg ei overrasking då han skulle dra garn i Bjørnafjorden torsdag.

– Eg forsto ingenting med det same eg drog han opp, fortel den erfarne fiskaren.

Oteren vog nesten seks kilo. Det var ingen annan fangst på garnet til osingen, som fiska rundt nokre holmar nær Vernøyane utanfor Reksteren då han fekk oteren.

Var nesten utrydda i Hordaland

Oter kan bli opptil ein meter lang, halen kan bli opptil 55 cm. Den tyngste som er registrert i Noreg car cirka 15 kilo. Den europeiske oteren lever i sjø, vatn og elver frå Russland til Nord-Afrika, også i Noreg, men har i mange år vore nesten utrydda i Hordaland.

– Bestanden byrja å ta seg opp for 10-12 år sidan, sa Terje Haugland, oppsynsmann i Statens Naturoppsyn (SNO) i Hordaland, til Midtsiden i 2015.

Det var etter at osingen Richard Walden hadde funne ein død, truleg påkøyrd, oter i ei grøft på Kalandseid.

– Oteren kom nok frå Sogn og nedover, og no er den observert også i Hardanger og sør til Bømlo, sa Terje Haugland for tre år sidan.

Frå 2005 til 2015 blei det registrert over 130 funn av død oter i Hordaland. Funna blei registrerte på vanportalen.no.

Også oter i Os hamn?

Då Midtsiden-journalist Andris Hamre gjekk tur i Os hamn 1. juledag 2017, filma han eit dyr i hamnebassenget.

Dyret liknar ein sel, men kan òg ha vore ein oter.

To av dei som kommenterte videoen av dyret, fortalte at dei har sett oter i Os hamn fleire gongar.

Oter kan konkurrera ut minken, som ikkje høyrer heime i norsk fauna, og som det er skotpremie på. Men også oter kan forsyna seg av fuglar og fugleegg - og som hos Åge Haugland, av fisk i garn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.