Lokal | 18. juni 2015

Sjekk gliset!

Os brann- og redningsteneste til nye høgder: I neste veke kjem ny bil med lift på 32 meter.

Sjekk gliset!
Denne liften blir levert til Os brann- og redningsteneste i neste veke. Varabrannsjef Arne Monsen ser ut som han gler seg. (Foto: Gitle Smaadal, Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juni 2015 07:24

Tidlegare denne veka var Gitle Smaadal og varabrannsjef Arne Monsen til Egenes Brannteknikk AS, som monterer og leverer Scania-en til Os, for eit siste byggemøte før levering.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at bilinteresserte Monsen hadde utbyte av turen.

– He, he! Vi var ganske gira begge to. Det er ein flott bil med godt og viktig utstyr, seier Smaadal.

Aukar rekkevidda frå 12 til 32 meter

Etter bygging og planlegging av fleire blokker i Os dei siste åra, har brannsjef Stein Gjøsund kome med ønske om auka høgdeberedskap.

Les òg: Brannsjefen vil opp i høgda

Den lengste stigen brannvesenet har frå før er på 12 meter.

– I neste veke kjem liften. Den har ein korg med plass til fem mann, med sløkkeutstyr, og rekkevidde på 32 meter, fortel Gjøsund.

Offisiell overlevering er onsdag i neste veke. Sist Os brannvesen fekk ny bil var då tankbilen kom i oktober 2010.

Får konsekvens for byggebransjen

Frå onsdag har Os kommune høgdeberedskap. Det betyr at utbyggarar kan planlegga på ein litt annan måte.

– Det betyr at dei kan bruka heile plan- og bygningsloven, TEK 15. Den seier blant anna at utbyggar, i kommunar utan høgdeberedskap, må ha to separate trapperom i høghus.

– Os Sjøfront, for eksempel, har dette. Men dei som bygger frå no av kan sleppa unna med eitt stort.

Sløkking, redning og fleirebruk

Det er ikkje berre ved eventuell sløkking i høgda og redning av personar i høghus at liften kan gjera nytte for seg.

– Å gå på hustak når det er snø og is, for å inspisera og sløkka pipebrann, kan vera komplisert og risikabelt.

– Med lift blir det enklare og tryggare.

Brannsjefen ser også for seg at liften kan brukast av teknisk eining i Os kommune.

– Det er ingenting i vegen for fleirebruk, men liften må i så fall naturlegvis vera i beredskap, altså innan rekkevidde og rask å få på hjul om det blir utrykking, seier Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.