Sjekk kven som sto på tribunen!
Superstjerna Kygo såg Lysekloster - Åsane. Kven trur du han heia på?
Kyrre Gørvell-Dahll, som med artistnamnet Kygo har tatt verda med storm og blant anna blitt første musikar som passerte ein milliard (!) streamingar av ei låt, sto på tribunen i Lysekloster Framo Idrettspark då andre runde i NM blei spelt i kveld.
Kjendisen frå Fana såg ut til å stå ganske uforstyrra, med unntak av nokre ungar som gjekk i skytteltrafikk for å få autografar.
Han fekk sjå Lysekloster ta leiinga heile 3-0 før Åsane utlikna i 89. minutt og vann 3-6 etter ekstraomgangar.
Kamerat med høgreback
Kven trur du han heia på?
Vel, han var i alle fall med på å ta heiarop med Åsane i garderoben etter kampen. Video av dette kan du sjå på Facebook-sida til Åsane Fotball.
– Han er god kamerat med ein på laget vårt, høgreback Mads Bjørsvik Songve, fortel Åsane-kaptein Vegard Leikvoll Moberg.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.