Lokal | 08. sep. 2014

Sjekka 1100 bilistar i Os

Vegvesenet fann berre 7 bilbeltesyndarar på 5 timar.

Sjekka 1100 bilistar i Os
Nokre bilar blei stoppa grunna sota ruter. Nokre få andre blei stoppa grunna manglande bilbeltebruk. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. sep. 2014 12:05

I helga hadde Statens vegvesen ein stor, riksdekkande bilbeltekampanje med kontrollar over heile landet.

– Berre i bergensområdet sjekka vi 3800 bilar. 1100 av desse var i Os, fortel Lars Harald Drange.

Frå klokka 14 til 17 sto dei ved Elvebakken og sjekka nordgåande trafikk på Byvegen, frå klokka 18 til 20 var det kontroll på E39 på Søfteland.

Éin avskilta

6 blei tatt utan bilbelte ved Elvebakken, éin på Søfteland.

– Det er ganske få, noko vi synest er bra. Og det er vanleg at dess nærmare sentrum du kjem dess meir slurv er det. Sånn var det i Bergen òg, vi tok fleire på Torget enn i Åsane.

I tillegg blei éin bil avskilta og nokre andre fekk mangellapp, blant anna for å kjøra med sota ruter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.