Sport | 19. aug. 2015

Sjeldan og uønskt art dukka opp i Oselvo

Pukkellaks er på Norsk svarteliste. Dei siste 30 åra er det truleg berre tre kjente fangstar av arten på Vestlandet, men i førre veke dukka den opp i Os.

Sjeldan og uønskt art dukka opp i Oselvo
Paul Frotveit med ein fryst versjon av pukkellaksen han tok i Oselvo. (Foto: Ole Vidar Søviknes, prohd.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. aug. 2015 06:25

Bildeserie:

– Det er nesten umogleg å ikkje sjå forskjell på pukkellaks og vanleg laks. (Prohd.no)
– Det er nesten umogleg å ikkje sjå forskjell på pukkellaks og vanleg laks. (Prohd.no)
1 av 1
– Det er nesten umogleg å ikkje sjå forskjell på pukkellaks og vanleg laks. (Prohd.no)

Når pukkellaks-hannen er gyteklar får han ein karakteristisk pukkel på ryggen. Det hadde også laksen som Paul Frotveit fekk på kroken i sone 2 i Oselvo i førre veke.

Torsdag 13. august, i sone 2, fekk Frotveit ein pukkellaks på 1,5 kilo på kroken.

– Sidan 80-talet skal det berre vore tatt tre eksemplar. For to veker sidan blei det tatt ein i Daleelva, i 2009 blei det tatt ein i Matre og i 2003 i Vik i Sogn, fortel videofotgraf Ole Vidar Søviknes frå Pro HD.

– Pukkelen er berre der når han er gyteklar. Kan det ha vore tatt fleire utan at folk har skjønt det sjølv?

– Neppe. Den har fleire kjenneteikn, store finner og spor og ein spesiell kjeft. Det er nesten umogleg å ikkje forstå at det ikkje er ein vanleg laks du har fått, meiner Søviknes.

Framand art

Pukkellaksen er ein økonomisk viktig art i det nordlege Stillehavet, både i Russland, Alaska og Canada. På 50-talet blei det sett ut pukkellaks langs Norskekysten og i 1960 blei det tatt 20-25 tonn med pukkellaks i Noreg.

Den hadde byrja å etablera seg i norske elver og mange frykta at pukkellaks skulle utkonkurrera dei etablerte villaksstammene. Pukkellaks er no på Norsk svarteliste som ein uønskt art.

Ifølgje Store Norske Leksikon er det uvisst om pukkellaks kan bli ein reell konkurrent med etablerte laksestammer. Årsaka er at den ikkje bruker elva som oppvekstområde, men veks opp i sjø.

Men det er ein viss sjanse for at den konkurrerer med annan laks om dei beste gyteplassane.

«Eksotisk innslag»

Med heimesida prohd.no følgjer Søviknes fisket i Oselvo tett. Fangsten av pukkellaks har fått noko merksemd i laksefiskemiljøet.

– Det er nok ikkje frykt for at den er i ferd med å etablera seg, det er nok heller ein streif-fisk og blir sett på som eit eksotisk innslag.

– Men det er verdt å følgja med. Pukkellaks har etablert seg i fleire elver i Finnmark og det er kanskje fare for at den spreier seg sørover.

Sjå òg Midtsiden samleside Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.