Næringsliv | 17. des. 2017

Sjeldan sort: Amanda fekk fagbrev som gullsmed

Amanda Eide (24) var einaste elev i klassen og første på seks år som har tatt fagbrev som gullsmed i Hordaland.

Sjeldan sort: Amanda fekk fagbrev som gullsmed
F.v.: Oldermann i Bergen Gullsmedlaug Kjersti Gams-Haugsøen, Amanda, Old-gesellen, og Johan D. Eide. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. des. 2017 20:22

Bildeserie:

Fagprøven - før montering.
Fagprøven - før montering.
Fire årstider var oppgåva. Svenneprøven blei bestått.
Fire årstider var oppgåva. Svenneprøven blei bestått.
Amanda i verkstaden med svennebrevet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Amanda i verkstaden med svennebrevet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Fagprøven - før montering.
Fire årstider var oppgåva. Svenneprøven blei bestått.
Amanda i verkstaden med svennebrevet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Amanda, yngste dotter til Bente og Johan Eide, blei under svennegilde i Håkonshallen 30. november tildelt fagbrev som gullsmed.

– Det var ei flott markering og ein type tildeling vi ikkje ser så ofte her på Vestland. Det skal vera seks år sidan sist nokon tok gullsmed-fagbrev i Hordaland, seier gullsmed og pappa Johan D. Eide.

Fagprøven besto ho i sommar, etter 3,5 år som pappa sin lærling, og med éin dag i veka på skulebenken, som einaste gullsmed-elev ved Årstad vgs.

– Eg hadde heldigvis ein veldig grei lærar. Ho er gullsmed sjølv. Teikning og fagleg kalkulasjon var viktigaste teoretiske fag, fortel Amanda.

Forma «fire årstider» på eigen verkstad

Fagprøven blei gjennomført på Gullsmed Eide sin eigen verkstad. Svenneprøvenemnda sendte to sensorar til Os.

– Eg fekk oppgåva i lunsjtida torsdag, teikna fredag og fekk teikninga godkjend måndag. Så fekk eg fire dagar på å fullføra oppgåva på.

Oppgåva var «fire årstider i gult og kvitt gull». Amanda fekk tildelt ei bestemt mengde gull, i tillegg var det krav til teikninga.

Smykket ho lagde har ei rekkje element, som drope (symboliserer regn), skåler, galleripinnar og riss (illustrerer bark på bjørk).

– Sensorane var her kvar dag mens eg produserte. Eg måtte òg skriva referat der metode og framdrift var skildra.

Vil ta meir skule

Amanda er ikkje den første lærlingen Johan har hatt med seg. Ho er heller ikkje den første som har tatt fagbrev. Men ho er den første i tredje generasjon Eide

– Eg opplevde aldri press frå familien, eller at det var venta at eg skulle ta denne retninga. Avgjerda tok eg sjølv, mens eg gjekk på folkehøgskule, seier 24-åringen.

Tidlegare var det 12 fag relatert til drift av gullsmed, no er det berre to att, gullsmed og sølvsmed.

– No tar eg eit år på skule, ikkje for å bli sølvsmed, men på BI for å læra om økonomi, før eg skal tilbake til familieverksemda.

Amanda og Johan er ikkje einaste gullsmedar i bedrifta.

– Det var heilt tilfeldig, og veldig gledeleg, at ein utdanna gullsmed frå gullsmedfagets stornasjon Tyskland kom innom og søkte om jobb, seier Johan.

Sandra Koller kom kort tid etter at førre gullsmed som gjekk læretida si hos Eide, osingen Tore Njøten, hadde sagt seg opp for å søkja nye utfordringar innan andre fag.

– Koller er framleis gullsmed hos oss, og når Amanda kjem tilbake frå BI har vi to gullsmedar med oss.

– Det kjem godt med, seier Johan, og viser ei velfylt eske med reparasjonsoppdrag, alle har kome inn på éi enkelt veke.

– Reparasjonar er god øving, men eg ser òg fram til å skapa meir sjølv, å laga heilt nye smykke, seier Amanda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.