Sjølvsagt skal kreftmedisin vera gratis
Lesarinnlegg: Kreftmedisin skal vera tilgjengeleg og gratis for alle!
Kreft er ein alvorleg sjukdom og mange pasientar opplever ein kamp med å klara tøffe behandlingar.
Som pasient forventar du sjølvsagt den beste behandlinga for å overleva. Men når ein ser at pasientar står fram, og i tillegg til sjukdomskampen må bruka krefter for å få den riktige og beste medisinen, føler ein med desse.
Vi kan rett og slett ikkje akseptera at pasientar døyr mens dei ventar på godkjenning av nye og viktige medisinar.
At nokre pasientar betalar for medisinen sin sjølv, er ei etisk utfordring, ikkje berre for pasienten, men òg for legen.
Som pasient skal ein sleppa ekstra belastingar. Difor må ein få ei endring av systemet for innføring av nye medisinar, noko Siv Jensen (Frp) har gått i bresjen for.
Laila Reiertsen
Os FrP
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.