Sport | 05. okt. 2012

Sju heimekampar i helga

Lysekloster feirer opprykk og speler siste heimekamp, Søre Neset kjempar om å halda seg, Os sitt damelag kjempar om opprykk og Os sitt A-lag tar imot Sandnes Ulf 2.

Sju heimekampar i helga
Fredag for ei veke sidan feira Lysekloster opprykk, men det var først for to dagar sidan dei var 100 prosent sikra. (Foto frå feiringa; Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. okt. 2012 09:07

Haustferien startar for skuleelevane i dag, men for fotballspelarane i bygda blir det travelt - og for enkelte også avgjerande.

Her er kampane:
Fredag 5.10 kl 19.00: Søfteland - Baune 2 (6 div avd 4)
Laurdag 6.10 kl 13.00: Nore Neset - Ny-Krohnborg 2 (6 div avd 1)
Laurdag 6.10 kl 14.00: Lysekloster - Nordhordland (4 div avd 2)
Laurdag 6.10 kl 15.00: Søre Neset - Trott (5 div avd 3)
Søndag 7.10 kl 16.00: Os dame - Vestsiden Askøy (4 div avd 1)
Søndag 7.10 kl 18.00: Lysekloster 2 - Viggo (6 div avd 1)
Måndag 8.10 kl 19.00: Os - Sandnes Ulf 2 (3 div avd 7)

Lysekloster, som feira opprykk med 5-1-siger over Brann 3 førre fredag, sikra opprykket 100 prosent med 4-0-siger over Sandviken for to dagar sidan.

– Vi spelte ein svak 1. omgang mot eit Sandviken som var svært offensive, men Christoffer Robin Larsen gav oss 2-0-leiing til pause, noko vi skal vera nøgd med. I 2. omgang kom vi oss så då skal Sandviken vera nøgd med at vi, ved Thomas Greipsland, berre skåra to mål til, seier trenar Ørjan Sandal.

Laurdag blir det ein ny liten fest på Edne når Lysekloster er sikra opprykk og speler sesongens siste heimekamp. Då er det også trekning av hovudpremien i Lysekloster-Patriot, ei reise til 15.000 kroner til Spania.

Søre Neset treng 3 poeng

Søre Neset har hatt ein svak sesong, men om ikkje det har kome så mange poeng i haust så har resultata vore ganske gode.

– Vi har spelt best mot dei beste og dårleg mot dei dårlegare laga. Ein del av spelarane våre har reisejobbar, så det har variert mykje kven som har vore med frå kamp til kamp, seier trenar Vidar Bahus.

– Er det nokre spelarar som har framheva seg på nokon måte denne sesongen?

– Skal eg nemna éin så blir det midtstoppar Svein Erik Øvreeide, han har vore veldig stødig.

Søre Neset held seg truleg i 5. divisjon om dei vinn éin av dei tre siste kampane. I morgon tar dei imot Trott, som er på 3. plass, i siste heimekamp speler dei mot Os 2, som er på 4. plass. Kampen imellom går borte mot Rosendal, som ligg på 8. plass.

– Vi treng éin siger. Og vi får håpa at den siste kampen, lokaloppgjeret mot Os 2, ikkje blir avgjerande for nokre av oss, seier Bahus.

Fleire kan rykka opp

Også Lysekloster 2 og Os sitt damelag kjempar om opprykk i dei siste rundane, og speler sine nest siste kampar søndag.

Søfteland kan også hamna på topp 2-plassering med full klaff i eigne og andre kampar i dei to siste rundane.

Os 2, som kjempar om opprykk til 4. divisjon, speler borte mot NHH 2 tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.