
Osbrua tysdag morgon. No skal jordfeilen reparerast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sju veker utan lys
Fleire lesarar har den siste tida kontakta oss for å høyra om ikkje lyset snart skal tennast på Osbrua igjen.
Pærene på den nyoppussa brua har ikkje vore tent på lenge. Også Lepsøybrua har vore mørklagt sidan cirka ein månad før jul, i tillegg er Hamnevegen, vegen ved Osbrua, utan gatelys.
– Jordfeil er årsaka på begge bruene. Det er ikkje lenge til vi får lyset på igjen, seier Ole Dyrkolbotn i BKK.
– Litt rart
Då det blei tett mellom kvar gong sikringen rauk på Osbrua blei lysa kopla ut av BKK. Så fekk Sperrevik Elektro, som hadde installasjonen då Osbrua blei pussa opp, oppdraget med å finna og reparera feilen.
– Vi har funne feilen. Det er brot i ein kabel, fortel Amund Sperrevik.
Brotet er i ein kabel som ligg i eit trekkerør innlemma i Osbrua, altså godt beskytta.
– Vi synes det er rart at det er feil på denne kabelen. Når vi får den ut får vi kanskje svar på kva som var gale.
Sprerrevik har snakka med både Vedlikeholdsservice, som hadde hovudentreprisen, og kabelleverandøren. Ingen av dei forstår kva som kan vera gale med kabelen.
Tilsvarande feil på Lepsøy
Sperrevik seier neste steg er å få vegvesenet til å stenga Hatvikvegen.
– Dette oppdraget kjem til å krevja litt ekstra, derfor treng vi litt ekstra tryggleik rundt staden der vi skal vera.
Også på Lepsøybrua manglar det lys.
– På Lepsøybrua er det snakk om jordfeil, Der heng det noko amatur og blafrar.
BKK skulle eigentleg på Lepsøybrua denne veka, men det kjem an på vêret. Er det for mykje vind har ikkje BKK løyve til å klatra i stolpane på brua.
Feilen i Hamnevegen er separat og har ifølgje Sperrevik ikkje noko med feilen på Osbrua å gjera.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
