Sport | 11. apr. 2017

Skadefri Todd tilbake på Kuventræ

Etter ein vinter med skade på to keeperar, og ein tredje vikar, har Os fått Andrew Todd tilbake mellom stengene.

Skadefri Todd tilbake på Kuventræ
Andrew Todd etter dagens trening med Os, tilbake på Kuventræ for første gong sidan november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. apr. 2017 18:53

Amerikanske Andrew Todd var del av redningsaksjonen halvvegs i Os sin svake 2015-sesong.

Les òg: Todd matchvinnar for andre gong

I 2016 var han med på å ta Os til topp 4, nok til å berga plassen på fjerde nivå, som no har fått namnet Norsk Tipping-liga.

Men i nest siste kamp, heime mot Bjarg, blei han skadd. Etter juleferie heime i California blei han invitert til å trena med Brann, samtidig var både Kasper Sandven Færøvik og nyervervinga Thomas Hille (på lån frå Fana) ute med langtidsskade.

• Les òg: Fleire usikre keeperkort på Kuventræ

– Brukte fem veker på å bli frisk

– Det var nedtur å ikkje få bli med Brann på treningsleir, men eg blei invitert tilbake på trening då dei kom tilbake igjen.

– Men eg blei ikkje betre frå skaden etter Bjarg-kampen, og måtte rett og slett gje meg, fortel Andrew.

MR for fem veker sidan viste ein skade som gjorde at han fekk beskjed om 2 til 4 veker kvile og restitusjon.

– Det har vore fem kjedelege veker utan fortball, samtidig har det vore lite undervising og mest individuelt på skulen, seier NHHI-studenten.

Gledeleg gjensyn

Måndag og i dag var Andrew Todd tilbake i trening med Os.

– Eg har halde kontakt med Hassan og Endre, og då eg kom tilbake i går var det utruleg kjekt å treffa gutane igjen!

– Det er også kjekt med nokre nye ansikt på feltet, ikkje minst med Biko, som har engelsk som morsmål.

Todd merkar allereie at han er langt betre no enn etter juleferien.

– I januar og mens eg var med Brann så prøvde eg å ikkje sparka ball så mykje, og det gjorde at eg kunne halda det gåande ei stund. No på Kuventræ har eg ikkje tatt tilsvarande omsyn, likevel kjenner eg ingenting til skaden.

Kloven er også tilbake

Mens Anders Fossen Lunde og Glenn Hjelle har vore vikarar har Kasper Færøvik fått beskjed om at han ikkje treng å operera kneet. Det går likevel litt tid før han er tilbake.

Samtidig har Anders Kloven, som blei skadd i det han nyleg gjorde comeback, (og heldt nullen heime i NM-kvalik mot Odda) blitt raskt frisk igjen.

– For det første er det godt å ha Andrew tilbake, vi veit kva han står for! For det andre gler eg meg over at vi brått har konkurranse om keeperplassen igjen, og at det er fleire keeperar på trening. Det er nok kjekt for alle, seier Hassan El Fakiri.

Todd har eksamen i midten av juni og veit ikkje kor lenge han blir i Noreg etter denne.

4 kampar på 12 dagar

Måndag startar serien heime mot Spjelkavik (kl 16), så ventar ny seriekamp laurdagen etter og heimekamp i NM mot Nest-Sotra onsdag 26. april.

Med 4 kampar på 12 dagar kan det vera godt å ha fleire keeperar for hand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.