Skal brenna ned ei hytte
Ser du røyk i Auredalen på Halhjem tysdag morgon er det inga grunn til uro. – Vi skal ha ei øving og brenna ned ei hytte, fortel Arne Monsen.
Tysdag morgon omlag 0830 tar brannvesenet til med ei øving i Auredalen 32 på Halhjem.
– Det er ei hytte vi skal øva i før vi brenn ho ned. Den ligg litt ute i skogen, så det kan vera at folk ikkje ser at det er vi som held på, seier varabrannsjef Arne Monsen i Os brann- og redningsvesen.
Har snakka med naboane
Brannvesenet vil øva på ulike ting før dei lar flammane ta overhand over hytta.
– Vi har snakka med dei aller næraste naboane så dei veit om det, men det vil bli eindel røyk og det kan vera at folk ser denne på litt lengre avstand og reagerer. Dei treng altså ikkje varsla oss, vi er på staden. Eg reknar med at vi vil vera ferdig rundt lunsjtider, avsluttar varabrannsjefen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.