Lokal | 23. sep. 2015

Skal husa 160 arbeidarar

E39 Svegatjørn - Rådal: Nytt «hotell» reiser seg ved Lidl-lageret.

Skal husa 160 arbeidarar
Brakkene som står ved Reli Os skal bli kontorrigg i Kolskogen, men i løpet av hausten kjem det nye som skal husa og forpleie opp til 160 arbeidarar (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 23. sep. 2015 10:00

Rett nok er brakkene som står ved Reli Os (betre kjent som Lidl-lageret) ikkje dei som skal husa arbeidarane på vegprosjektet når arbeidet tek til i løpet av oktober, men innan midten av november skal ein stor overnattingsstad ha reist seg på parkeringa ved lageret i Ådnadalen.

– Nei, dei du har bilde av er brakkene som skal bli kontorriggen vi skal ha i Kolskogen. Innan midten av oktober skal vi nok ha den brakkeriggen som vi skal nytta til overnatting og forpleining på plass, fortel Jarle Søviknes til Midtsiden

Søviknes er driftsleiar for dagsone Svegatjørn i Veidekke.

Einerom med dusj og do

Søviknes fortel at dei skal reisa fire separate brakkeriggar med 44 rom i kvar.

– Til saman vil vi ha kapasitet til å husa 160 arbeidarar på det meste. Kvart rom blir einerom med eigen dusj og toalett.

Kantine til 100

I tillegg til dei fire bustadriggane kjem det ein rigg med fellesfasilitetar.

– Vi skal mellom anna ha ei kantine med rundt 100 spiseplasser. Sidan ein jobbar skift blir det ein viss sirkulasjon der ute, så det skal vera kapasitet god nok, fortel driftsleiaren.

Blir ståande i fire - fem år

Det å bygga opp ein bustadrigg på denne måten er heilt vanleg på større anlegg, fortel Søviknes.

– Dette er måten ein plar gjera det på. Dei som reiser rundt på anlegga er godt vante med å bu på denne måten.

– Går alt etter planen blir det innflytting i midten av november, grovt rekna. Så vil dei nok bli ståande i fire - fem år til vi er ferdige meg vegen, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.