Kultur | 11. feb. 2016

Skal læra osingane å laga øl

Birger Storaas frå Vestbrygg vil læra osingane å brygga øl. – Det gjeld å vera om seg, for vi har berre 25 plassar, seier Berit Steen

Skal læra osingane å laga øl
Birger Storaas frå Vestbrygg kjem tilbake og held bryggekurs på Oseana i april. Her under fjorårets kurs (foto: Kari Marie Lyssand)
Andris Hamretorsdag 11. feb. 2016 13:11

I samband med Oseana Ølfestival i juni inviterar no Oseana til nytt ølbryggarkurs i april med dagleg leiar Birger Storaas frå Vestbrygg som kurshaldar.

I fjor var første gong Oseana skipa til ølfestival og også då med bryggekurs i forkant, slik at deltakarane kunne læra å sette øl og samstundes vera med i heimebryggerkonkurransa under festivalen.

Les òg: Skal laga sitt eige øl

- Dette er eit nybegynnarkurs men kan høve like godt for deg som har brygga litt frå før, vi legg nivået etter deltakarane sin erfaring. Det er ingen krav til forkunnskapar, du treng kun å ha lyst til å finne ut meir om prosessen rundt ølbrygging. Målet med kurset er at ein sjølv skal kunne prøve å brygge på eiga hand, og få ei god forståing av prosessen, forklarar Storaas.

Berre 25 plassar

Berit Steen er nøgd med å kunne presentere endå meir aktivitet i samband med ølfestivalen, som går av stabelen i juni.

-Kanskje vi kan få til aktivitet rundt heile året i samband med dette. Interessa er der jo tydelegvis, seier Steen, som oppmodar gryande bryggeentusiastar om å vere tidleg ute.

- Vi har berre 25 plassar, så her kan det vere lurt å vere tidleg ute, rådar arrangementssjef Berit Steen. - I fjor vart kurset fullteikna på kort tid, og vi måtte avvise mange.

- Vi vil også gjere publikum merksame på at vi kun tek i mot skriftlege påmeldingar på mail, så gå inn på våre heimesider for å finne informasjon om korleis du melder deg på, avsluttar Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.