Lokal | 01. okt. 2015

Skal låna 2,6 milliardar

Torbjørn Wilhelmsen er direktør i Bergen-Os Bompengeselskap AS.

Skal låna 2,6 milliardar
Torbjørn Wilhelmsen er ein av dei som gledde seg over Søviknes sitt spadetak tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. okt. 2015 06:52

Bygginga av E39 Svegatjørn-Rådal er i gang, 18 kilometer med ny hovudveg til 6,5 milliardar kroner, rekna i 2014-prisnivå.

Staten tar 60 prosent av rekninga, resten skal bilistane betala, men ikkje i byggeperioden.

- Det er rett. For bomselskapet betyr det sjølvsagt at inntektene kjem seinare, men for trafikantane er det jo fint at dei slepp å betala på vegen før dei har nytte for han, seier Torbjørn Wilhelmsen.

Må venta på inntektene

Wilhelmsen er administrerande direktør for Bergen-Os Bompengeselskap AS. Sjølv om selskapet ikkje får inntekter før vegen er opna, i 2021-2022, vil dei første rekningane snart tikka inn.

– Vi hadde planlagt sokalla parallell-innkreving under byggeperioden. Dette blei tatt vekk under den politiske behandlinga sentralt, men har til gjengjeld ført til at vi har fått eit prosjekt med langt større statleg del, 60 prosent er mykje samanlikna med fleire andre.

– Vi i bompengeselskapet har god grunn til å gle oss over byggestart, seier Wilhelmsen, som fekk med seg Søviknes sitt spadetak tysdag.

– Det betyr lite at vi ikkje har inntekter i byggeperioden, det ville uansett ikkje ha monna. Dessutan er jo renta på vår side.

Skal ta opp store lån

Etterkvart som entreprenørane skal ha betalt må Wilhelmsen ta opp lån. Før første inntektskrone er på plass skal selskapet ha lånt 2,6 milliardar kroner.

– Vi låner ikkje alt på éin gong, og truleg ikkje alt på same plass. Eg ser for meg at det blir rundt fire låneopptak i året.

– Vi har førebudd marknaden på dette og skal snart retta oss mot bank-, sertifikat- og obligasjonsmarknaden.

– Er interessa stor for å finansiera dette?

– Slike prosjekt er ettertrakta grunna låg risiko, samtidig høyrer vi at enkelte institusjonar gruer seg til å byrja å rekna på dette, for marginane er små.

– Kan det bli aktuelt å ta opp lån i utlandet?

– Det er mogleg at utanlandske bankar vil koma med tilbod, men dei må i så fall tilby lån i norske kroner. Vi vil ikkje ta noko valuta-risiko på låneopptaka våre, seier bompenge-sjefen.

Eigarane og styret

Bergen-Os Bompengeselskap AS er eigd av Hordaland fylkeskommune (52 %), Os kommune (24 %) og Bergen kommune (24%).

Stein Inge Ryssdal er styreleiar, Torill Selsvold Nyborg, Atle Kvåle, Hans Edvard Seim og Terje Søviknes er styremedlem.

– Det har vore periodar med låg aktivitet, men vi har stort sett hatt ganske mange møter i året, seier Wilhelmsen.

Aud Karin Oen, Gustav Bahus, Børge Lunde og Eli Årdal Berland er varamedlem.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana. Prosjektet har ei kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner og skal korta ned reisetida mellom Bergen og Halhjem frå fra 40 til 20 minutt.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel. Den lengste tunnelen blir den 9,2 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka og Rådal.
• Lengst sør, frå Svegatjørn til Endelausmarka, kjem den 1,5 km lange Skogafjellstunnelen.
• Dagsona gjennom Endelausmarka blir 1,1 km lang. Her kjem også fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.
• Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.