Eirik André Hesthamar (Frp) skal leie tenesteutviklingsutvalet i arbeidet med å byggja Bjørnafjorden kommune (foto: Andris Hamre)

Skal leie nytt utval

Bjørnafjorden kommune • Eirik André Hesthamar (Frp) vald som leiar i tenesteutviklingsutvalet.

Av: Andris Hamre

Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune var måndag samla på Skjelbreid Poirée til årets siste møte.

På programmet sto mellomanna utnevning av politiske representantar til dei to utvala tenesteutviklingsutvalet og samfunns- og næringutvalet. Politikarane var på førehand samde i at ein politikar frå Os skulle vera leiar av tenesteutvalet, medan Fusa skulle ha fleirtalet i det same utvalet. For samfunns- og næringsutvalet skulle det vera motsatt.

– Det har vore nokre gode prosessar både i Os og Fusa, på tvers av parti. Det har tatt litt tid, men det er eit godt teikn at det er mange som vil vera med. Eg har inntrykk av at det er ein heilheitleg framlegg som no kjem frå begge kommunane, innleia Marie Bruarøy (H), leiar av fellesnemnda.

Var ikkje heilt samde likevel

Helt samde viste det seg at ikkje alle var likevel.

– Eg har ikkje vore med på behandlinga frå Fusa sin side, men registrerer at Frp frå Fusa ikkje er med i tenesteutviklingsutvalet. Eg registrerer at Krf som er mindre enn Frp har fått plass. Eg forslår difor Kristine Hjartnes frå Frp i staden for Bjarte Samnøy frå Krf, kommenterte Magne Djuvik (Frp).

Var invitert til møte

Det fekk Atle Kvåle (Ap) til å reagera.

– Vi inviterte til ein dialog før dette møte her. Djuvik var ikkje til stades, han har heller ikkje spelt inn noko på førehand. Vi hadde satt opp eit møte, han har hatt moglegheit til å spele det inn der. Arbeiderpartiet står på det framlegget som ligg her.

Djuvik kommenterte at hans poeng var at Frp kom inn i kommunestyret med tre representantar medan Krf fekk to.

– Då vil det vera langt frå demokratisk at KrF får denne, meinte Djuvik.

– Då vi satte opp det siste laget, så var det ei samla vurdering, repliserte Kvåle.

Gjorde rokkeringar

Mikale Leigland (Sp) foreslo at ein skulle ta eit gruppemøte i staden for å ta debatten i møtet.

– Eg er ikkje så interessert at bladfykjen frå Os skal skrive om interne forhold. Det vi var einige om var at vi skulle innstille folk som kunne ta på seg desse oppgåvene. Vi har hatt formøte. Det er sånn at vi må rydde tid til desse også, kommenterte Leigland før dei gjekk til gruppemøte.

Tilbake frå gruppemøtet hadde Fusapolitikarane blitt samde og gjort ei rokkering i mellom dei to utvala, slik at Hjartnes fekk plass i tenesteutviklingsutvalet.

Tenesteutviklingsutvalet

Etter det blei desse vald samrøystes til tenesteutviklingsutvalet.

Eirik André Hesthamar (Frp) - leiar
Emil Tetlie Brimsholm (H)
Tone Hepsøe (Ap)
Peter-Hans de Zwarte (Sp)
Bjarte Samnøy (Krf)
Kristine Hjartnes (Frp)
Anne-Grethe Gjerdevik (Ap)

Alle representantane får to personlege vararepresentantar.

Samfunns- og næringsutviklingsutvalet

Samfunns- og næringsutviklingsutvalet får denne samansetninga.

Svein Lang (Sp) - leiar
Aud-May Boge (H)
William Lindborg (Ap)
Ståle Skåtun (H)
Laila Marie Reiertsen (Frp)
Torunn Øvredal (TvS)
Tryggve Lillestøl (KrF)

Også her får kvar representant to personlege vararepresentantar.