Fotball | 04. mars 2018

Skal spela UEFA-turnering i Serbia

Madelen Koldal Holme tatt ut i ny J16-landslagstropp.

Skal spela UEFA-turnering i Serbia
Madelen Koldal Holme spelte fire J15-landskampar i fjor. No skal ho til Serbia som J16. (Privat arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. mars 2018 08:57

Madelen Koldal Holme frå Lysefjorden, som i fjor fekk landslagsdebut og til saman fire kampar med flagg på brystet for J15, er framleis aktuell til å representera Noreg.

Tidlegare denne veka tok J16-landslagstrenar Børje Sørensen ut landslagstroppen til UEFA Development Tournament i Serbia.

Madelen er med i troppen saman med klubbvenninne Elise Kristine Alsaker Kvinge i Sandviken.

• Sjå heile uttaket på fotball.no

Noreg skal spela desse kampane i Serbia:
14. mars klokken 14.15: Serbia - Norge, Stara Pazova
16. mars klokken 12.00: Slovenia - Norge, Stara Pazova
18. mars klokken 10.00: Tsjekkia - Norge, Stara Pazova

Debuterte i Toppserien

Madelen debuterte i Toppserien i haust.

– Eg tar ho ikkje med for å vera snill, men har vore så god på andrelagskampane at ho fortente det. Ho har vist at ho har potensiale for å bidra. I dag kom ho til ein sjanse og ho viste fine dragningar. Ho er ein utruleg spennande spelar, sa trenar Øyvind Nordtveit etter kamp.

Årets seriestart med Sandviken er på heimebane mot Kolbotn 24. mars.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.