Lokal | 06. feb. 2018

Skal vekk i løpet av sommaren

For å få plass til nytt parkeringshus må Circle K og den gamle brannstasjonen vika.

Skal vekk i løpet av sommaren
Circle K-stasjonen skal i løpet av sommaren vekk for å gi plass til parkeringshus (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 06. feb. 2018 11:43

I formannskapet tysdag orienterte ordførar Marie Bruarøy (H) om at ein no var kome til einigheit med Circle K om avhending av tomta.

– Det har vore ein liten usemje med Circle K om leigeavtalen og opsjonen som låg i den. Dei meinte dei hadde opsjon på ti år, noko vi bestridde fordi vi skal nytta tomta sjølv. Hadde det vore ein annan bensinstasjon som skulle inn, så hadde dei sjølvsagt hatt opsjon, forklarte Bruarøy.

Fekk tre månader ekstra

Leigeavtalen går eigentleg ut 1. mai, men har blitt forlenga.

– Dei har no akseptert avtalen. Dei skulle eigentleg vera vekke 1. mai, men ba om tre månader lengre frist. Det tenkte vi sjølvsagt var greitt. Det gir aktøren som driv bensinstasjonen betre tid til å områ seg. Kommunen treng uansett tid før vi kan gå i gang med å bygga parkeringshuset, så vi hadde ikkje kome i gang på denne siden av sommaren.

– Dei skal rive stasjonen som står der i dag og fjerna alle forureina masser før vi tek over tomta igjen.

Har dei fått ny tomt?

Prosjektsjef Halvor Hanevik var glad for at avtalen var på plass og at Circle K skal fjerna forureina masser.

– Då står vi klar med ei tomt over sommaren som vi kan nytta når vi skal riva brannstasjonen, kommenterte han.

Helge Steinum (Ap) lurte på kva som skjer med drivarane og eventuell ny lokalisering av ein Circle K-stasjon.

– Då vi hadde saka i kommunestyret, så var det ein debatt om at kommunen skulle vera på banen og hjelpe dei med å finna ny tomt. Det var Harald Lekven (Sp) som tok det opp, og det blei meir eller mindre lova at det skulle vi gjera. Det var dåverande ordførar Terje Søviknes (Frp) som førte ordet.

– Det kjenner ikkje eg att. Vi har aldri lova at vi skulle skaffe ei ny tomt, men det har vore møte med dei som driv stasjonen. Blant anna med næringssjefen, svara Bruarøy før Hanevik skaut inn at saka moglegens allereie var løyst.

– Det er ein eigedomsutviklar som jobbar mykje med bensinstasjonar som har kjøpt tomta ved Kiwi på Moberg, så det kan vera at dei har ordna seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.