Lokal | 08. aug. 2016

– Skal vera eit samlingspunkt

Nekta Nora (9) å køyre rullestol på kunstgrasbanen. – Det beror på ei misforståing. Ho er hjarteleg velkommen, seier styreleier Bjørn Samdal i Lysekloster IL.

– Skal vera eit samlingspunkt
Banen skal vera eit samlingspunkt for både små og store, friske og funksjonshemma, seier styreleiar Bjørn Samdal (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 08. aug. 2016 10:56

Søndag ettermiddag la mor Randi Helene Tillung ut eit innlegg på facebook kor ho tok eit oppgjer med Lysekloster idrettslag og sportsleg leiar Svein Kollen etter at dottera Nora, som er avhengig av rullestol, hadde blitt vist fekk frå kunstgrasbanen på Lysekloster Framo Idrettspark.

Les heile innlegget her

Etter at Tillung delte saken har ikkje reaksjonane latt vente på seg, og fleire medier, mellomanna BA, Dagbladet og NRK har omtalt saken.

– Eg har ikkje meir å seie enn det eg har sagt til dei andre mediene. Det er ingen som er utestengd, seier Svein Kollen til Midtsiden.

Skal vera eit samlingspunkt

Styreleiar Bjørn Samdal i Lysekloster IL støttar Kollen i at verken Nora eller andre barn er utestengd frå banen.

– Tvert i mot. Vi som klubb har eit ønskje om at både klubben og banen skal vera eit samlingspunkt i bygden, for både store og små, funksjonsfriske og funksjonshemmede.

– Samstundes har vi som ansvarlege vaksne eit ansvar om å gi beskjed om vi ser aktivitet som vi meiner farleg eller ikkje ønskeleg.

– No var ikkje eg tilstades sjølv, men slik eg har fått det referert, så fekk Nora beskjed om å stoppe køyringa fordi den blei oppfatta som uvøren og småfarlig med born som sto bakpå og falt av.

– Nora er hjarteleg velkommen til å leike på banen som alle andre ungar, men både ho og dei andre må følgje dei same spillereglene, slik at det ikkje oppstår farlege eller uheldige situasjoner, seier Samdal.

– Ikkje ei misforståing

Randi Helene Tillung er nøgd med at Samdal no ønskjer Nora og andre velkommen på banen, men er ikkje nøgd med måten idrettslaget har håndtert saken på.

– Flott at de snur. Eg håper dei meiner alvor, seier Tillung som er skuffa over at idrettslaget freister å framstille det som ei misforståing.

– Det har ikkje vore ei misforståing. Eg tok kontakt med dei fredag då det skjedde for å sjekke om det var nettopp det. Svaret eg då fekk var ikkje til å ta feil av. Rullestol var ikkje lov på banen.

– Når ho på laurdag igjen blei truga med å bli stengd inne på banen, ved at ein vaksen mann freista å flytte på steinane i innkøyringa slik at ho ikkje skulle koma fram, så er det ikkje ei misforståing.

– Det er flott at dei snur, men meiner dei alvor, så kan dei jo byrja med å flytte steinane tilbake, slik at det blir meir enn millimeters klaring for rullestolen.

– I tillegg har dei ein oppryddingsjobb å gjera. Det har spredd seg blant barn og ungdom at Nora ikkje får lov til å vera på banen. Ho fekk fleire gonger beskjed om å komma seg vekk frå andre ungar og ungdom på laurdag. Måten dei har håndtert dette på har vore veldig uryddig og lite tillitsvekkande, avslutter Tiller.

P.S. Då Midtsiden snakka med Samdal måndag fortalde han at han ville invitere Tillung til eit møte, men ba oss ikkje skriva dette før han hadde vore i kontakt med ho. No er tydelegvis kontakten oppretta for på facebook skriv Tillung måndag ettermiddag: «Fin gest av Lysekloster Fotballakademi å ordne egen spillerdrakt til Nora med navn og nummer <3 Nå kan Nora "ta banen tilbake" sammen med alle de flotte barna og voksne på Lysekloster. Meld ungene inn på akademiet og bruk den flotte banen vår!»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.