Lokal | 26. feb. 2016

– Skap samlingsplassen

Idrettspresident Tom Tvedt om Os idrettspark Kuventræ. – La det bli ein samlingsplass for barn og unge.

– Skap samlingsplassen
Idrettspresident Tom Tvedt under Hordaland Idrettskrets sin anleggskonferanse torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 26. feb. 2016 07:56

Midtsiden møtte idrettspresident Tom Tvedt under eit anleggsseminar i regi av Hordaland Idrettskrets torsdag. Vi ba han koma med sine tankar om kva Os kommune bør tenka på når dei no skal byggje ut trinn to på Os idrettspark Kuventræ.

– Skap ein samlingsplass, er den klare oppmodinga frå Tvedt.

– Eg har veldig sansen for campus-tankegangen kor skule, idrettsanlegg og fritidsaktivitetane er samla på eitt område. Det er effektivt og rasjonellt når ungane kan gå frå det eine til det andre og foreldra treng bruke minst mogleg tid og ressursar på transport.

24 timers anlegget

Idrettspresidenten er oppteken av at anlegget minst mogleg står tomt.

– La Kuventræ vera mest mogleg i bruk. ideellt sett skulle det gjerne har vore i bruk 24 timar i døgnet. No veit eg at det ikkje er realistisk, men la til dømes seniorane sleppe til på dagtid om det er ledig kapasitet.

– La òg anlegget stå ope slik at dei ungane som har lyst til å driva eigenaktivitet kan gjera det. Då eg sjølv var ung handballspelar hadde eg ofte lyst til å gå i hallen for å trena litt ekstra på skudd, men det var ikkje alltid eg slapp til fordi eg hadde ikkje booka tid. Er det ein ledig halvtime eller time, så slepp dei til, oppmodar Tom Tvedt.

Ingen veit kven som tek medalje

Det er ikkje berre til kommunen idrettspresidenten har eit råd, også idrettslaga får ei oppmoding frå Tvedt.

– Det er ingen som kan peike på kva for ein 10-12 åring som kjem til å ta medalje i eit framtidig OL eller Paralympics.

– La flest mogleg barn og unge samlast. Der dei samlast blir det utvikling. Om nokon driv friidrett, noko fotball og andre handball eller ein annan idrett, så la dei vera saman og få prøve forskjellige idrettar. Ein ting flest mogleg burde få vera med på er turn. Det er ein basis som er god å ha med seg i alle idrettar med tanke på både koordinasjon og styrke, avsluttar Tvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.