Lokal | 28. apr. 2017

Skaper bølgjer i marinaen

Bølgjebrytaren stoppar bølgjer på veg inn mot Os hamn, men sender samstundes returbølgjer inn i marinaen framfor Os sjøfront.

Skaper bølgjer i marinaen
Bølgjebrytaren som er lagt ut sender returbølgjer inn att i marinaen framfor Os sjøfront (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 28. apr. 2017 08:19

I desember blei den første av i alt fire planlagte bølgjebrytarar lagt ut i Os hamn. Dei tre siste vil ikkje komma på plass før kommunen har gjennomført ei detaljregulering av det ytre hamnebassenget.

Plan- og bygningsutvalet (PBU) handsama torsdag spørsmålet om dei skulle legga reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn.

Les òg: Slik blir bølgjebrytarane

– Ligg den bølgjebrytaren som er lagt ut der den skal? I dag skaper den nokre uheldige refleksbølgjer inn i Os Marina. Det skal etter sigande vera ei fortøying som ikkje er som den skal, kommenterte Gustav Bahus (Frp) i politisk kvarter. Bahus sit òg i styret for Os Marina.

– Har de kommentarar, så må de sende dette inn som ein merknad til planen, så vil det bli sett på, svara Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os kommune.

Habil no, men kanskje ikkje seinare

Nettopp det at Bahus sit i styret for marinaen blei eit tema då PBU seinare i møtet skulle handsama spørsmålet om reguleringsplanen skulle leggast ut for offentleg ettersyn.

– Vi må få avklart om vi berre skal legge ut planen, eller om vi også skal legga inn ei politisk bestilling til administrasjonen. Eg meiner leiaren (Bahus er leiar av PBU, journ.mrk), må fratre medan vi tek stilling til dette. Om vi berre skal legga ut planen no, så meiner eg han ikkje er inhabil no, kommenterte Terje Sperrevik (TVS).

– Det vesentlege er om merknaden har med planen å gjera eller om det berre er justeringar av om bølgjebrytaren ligg i tråd med den, påpeika Ove Frotvedt (Frp).

– Han er ikkje inhabil før han snakkar om sin eigen sak. Her er det snakk om å legga ut planen til offentleg ettersyn. Med ein gong vi kjem inn på det som er hans interesser så er han inhabil, svarte Sperrevik før det blei konkludert med at Bahus var habil i denne omgang og kunne vera med på å legga saka ut til ettersyn.

Plass til Statsraaden

Sjølve sakshandsaminga gjekk raskt unna.

– Eg har berre eit spørsmål om farleden. Kor stor avstand er det mellom områda kor bølgjebrytarane skal ligga, undra Tryggve Lillestøl (KrF).

– Spesifikasjonen er at Statsraad Lehmkuhl skal kunne gå ut og inn her, så det skal vera god plass til sandjektene som leverer på industrikaien, svara Bahus, som var tilbake i leiarsetet.

Prøvde seg på nytt

Espen Aspenes (Frp) hadde ikkje heilt slept taket i spørsmålet frå Bahus.

– Eg kunne tenkje meg at vi tok med eit kulepunkt som sa at det i ettersynet av planen skal sjåast på om eksisterande bølgjebrytar er plassert optimalt i høve retursjø inn mot marinaen.

– Om vi byrjer å handsama saka med slike ting, så bør leiaren trekka seg får sakshandsaminga. Eg meiner at vi berre legg ut saka slik den er, så får det eventuelt komma som ein merknad frå marinaen, svarte Sperrevik, som fekk vilja si.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.