Kultur | 27. okt. 2016

– Skaper ei eiga stemning

Fargespill tar med seg Real Ones når dei vitjar Oseana for tredje gang. – Dei har ei eiga evne til å laga god stemning i salen, seier Janne Mari Hjelle.

– Skaper ei eiga stemning
Søndag kjem Fargespill saman med Real Ones til Oseana (pressefoto: Helge Hansen)
Andris Hamretorsdag 27. okt. 2016 11:33

Søndag kjem unge og vaksen i Fargespill tilbake til Oseana. Denne gang har dei fått med seg Real Ones på scenen.

– Det kjem oppsiktsvekkande mykje kraftfull og nyskapande musikk frå Bergen. Mange hevdar det skuldast ei ånd for samarbeid. Der ein andre stader byggjer grenser mellom sjangre, generasjoner og kulturer, så sprenger ein grenser i Bergen. Dermed møtast menneskje med forskjellig bakgrunn og kunnskap og lagar ting ein ikkje kunne laga aleine.

– Fargespill sin grunnleggande idé er at møte mellom forskjeller er vår viktigste kjelde til vekst og utvikling. Det handlar om kraften i mangfoldet, seier Frøydis Moberg, pressekontakt i Fargespill.

Får med seg Real Ones

Både Real Ones og Fargespill er musikalske og sceniske sukesshistoriar, men med heilt forskjellig utgangspunkt.

– Real Ones er vaksne, erfarne profesjonelle artistar. Fargespill er barn og ungdom som ikkje enno lever av musikken, men vi møtast med ein felles dedikasjon til musikken og ein felles idé om at den andre si verd kan berika vår eigen, seier Moberg om den suksessfulle framsyninga som selde fulle hus både på premiera og ekstraframsyningane i Bergen tidlegare i år.

For tredje gang

Dette er tredje gang Fargespill vitjar Os og Oseana.

– Vi gler oss virkeleg til å få dei tilbake. Dei to første gangane, i 2012 og 2014, skapte dei ei fantastisk stemning i ein nær fullsatt sal. Dei har noko eige som dreg publikum med seg og som skapar ei veldig spesiell stemning. Eg lurar på om det ikkje var sist at heile salen sto og klappa og song med, seier Janne Mari Hjelle på Oseana.

– Trur du at du har sett dei før, så tek du feil. Det er nye ungar og ei heilt ny framsyning dei kjem den denne gangen, avsluttar Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.