Lokal | 19. mars 2018

Skapte stemning på Lurane, Haukeland og St Olavs hospital

Utvida direktesending frå Oseana: Sjuke og eldre sat med «drinkar» og applauderte etter kvar låt.

Skapte stemning på Lurane, Haukeland og St Olavs hospital
Bright sendte Bratland ut frå Oseana direkte til Luranetunet, Haukeland og St Olavs. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. mars 2018 13:06

Bildeserie:

Over 300 hadde løyst billett til konserten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Over 300 hadde løyst billett til konserten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ingebjørg Bratland har selt over 40.000 album. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ingebjørg Bratland har selt over 40.000 album. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På Haukeland fekk 60-70 med seg direktesendinga. (Privat foto)
På Haukeland fekk 60-70 med seg direktesendinga. (Privat foto)
Ingrid og Elisabeth på Luranetunet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ingrid og Elisabeth på Luranetunet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Behandlingsavdelinga fekk full stove. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Behandlingsavdelinga fekk full stove. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Noko ekstra godt i glaset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Noko ekstra godt i glaset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Eit fint tilbod, synest Anny Tveit. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Eit fint tilbod, synest Anny Tveit. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7

I førre veke fortalde Oseana om støtte frå Kavlifondet til utvida strøyming frå arrangement i kulturhuset.

– Tidlegare har vi sendt nokre arrangement av Riksteateret til Luranetunet og barneklinikken ved Haukeland, no blir det fleire ulike arrangement, både til Lurane, Jaukeland universitetssykehus og til St Olavs hospital i Trondheim, fortel Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

Laurdag kveld, mens over 300 sat i Oseanasalen og opplevde konsert med suksessfulle Ingebjørg Bratland frå Vinje, sat bebuarar og pasientar på Luranetunet, Haukeland og St Olavs og såg same konsert.

– Noko anna enn å sjå på TV

Midtsiden var innom både Oseana og Luranetunet, og har snakka med Atle Halvorsen ved Haukeland universitetsykehus. Halvorsen jobbar vanlegvis som spesialrådgjevar ved sjukehuset, men i denne samanhengen kallar han seg «kulturbyggar».

– Vi har hatt besøk av musikarar i bergensprosjektet «Blues på blå resept», og vi har hatt streaming før, men berre frå Oseana. At Oseana no kjem med utvida tilbod er heilt fantastisk for pasientane våre! seier Halvorsen.

Laurdag var 60-70 av dei innom for å oppleva direktesendt konsert på storskjerm. Ute på enkelte avdelingar, som Barneklinikken, blei det vist på mindre skjermar. Einaste kostnad for både Oseana og sjåarane er den tekniske gjennomføringa. Denne er det Bright som står for og Kavlifondet som spanderer.

– Stemninga var veldig god, og folk klappa etter kvar låt. Det trur eg ikkje mange gjer mens dei ser på TV, så dette viser at strøyminga av konsertar verkeleg er noko for seg sjølv. Folk tar poenget!

Laurdagskos med god drikke

Også på Luranetunet var det applaus etter låtane. Konserten blei vist på fleire avdelingar, Midtsiden var innom behandlingsavdelinga. Godt over halvparten av dei som høyrer til på avdelinga var på plass, i tillegg til nokre gjestar frå naboavdelinga.

– Vi plar å servera snacks om laurdagen, men i dag er det litt ekstra, seiersjukepleiarane Ingrid Røttingen og Elisabeth Drange Sælen.

Ingebjørg Bratland kom med debutalbumet sitt i 2014, likevel var det fleire av dei eldre som kjente godt til ho.

– Det var litt overraskande, men kjekt å høyra, synest Ingrid og Elisabeth.

Chips twist og smoothie sto på bordet. I forkant hadde dei hatt verkstad og laga påskepynt.

– Dette er veldig kjekt, eit fint tilbod for oss som ikkje kjem oss nokon plass, synest bebuar Anny Tveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.