Skåra 10 mot Tertnes
Tre ferskingar imponerte og Madeleine Hjertnes briljerte då Os spelte NM-kamp mot Noregs 3. beste lag.
Bildeserie:
350 tilskodarar fekk god underhaldning då Os onsdag kveld tok imot Tertnes til andre runde i NM.
Publikum var i stor grad med på å skapa stemning, og heimelaget fekk rikeleg med jubel for kvar skåring og redning.
– Det er lett for å stivna litt når du speler mot eit så godt lag, så eg tenkte berre eg skulle klemma til.
– Men eg blei kanskje litt ivrig, det var ikkje alt som var like bra, seier timålsskårar Madeleine Hjertnes etter kampen.
Os - Tertnes 16-39 (9-19)
Målskårarar, Os: Madeleine Hjertnes 10, Emilie Hjertnes, Hilde Kristine Røttingen, Mona Stigen Heggeland, Thiet Dang, Mia Torp Nielsen og Malin Berentsen.
Sjå utvida bildeserie frå kampen.
Begge lag missa i sine første angrep. Tertnes tok leiinga før Emilie Hjertnes utlikna. Så drog Tertnes ifrå til 1-5 før Madde sørgja for at Os heldt nokolunde følgje.
Hilde Kristine Røttingen sette inn 7-14 før Madeleine fekk inn tre til før pause.
Sterke keeperar
Tertnes-trenar Jarle Alvær seier kampen blei omtrent som venta.
– Vi hadde fokus på å halda konsentrasjonen oppe, vi visste at Os nok ville bruka litt tid i angrep for å unngå kontringar. Eg synest Os har sterke keeperar og ein del lovande unge spelarar.
– At vi slepp inn 10 mål i førsteomgang var litt mykje, meiner Alvær.
Vibeke Ingebrigtsen hadde minst fire redningar dei første ti minutta. Dei siste åtte minutta fekk debutant Tiril Thomassen Grønvigh vakta Os-buret, og ho starta med to gode redningar, ein av dei på ei Tertnes-kontring.
– Det var veldig gøy å vera med på, også det å sitja på benken å læra, seier den nye Os-keeperen.
Ungdomane Thiet Dang (16) og Mia Torp Nielsen (16) fekk òg prøva seg mot eliteserielaget, Mia i sin første NM-kamp.
Thiet skåra frå 7-metersmerket og Mia sette inn 14-30 frå vingen.
Tertnes gjekk vidare - og kan samtidig sjå fram til seriestart søndag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.