Sport | 09. juni 2010

Skåra 4, men tapte

- Det er ganske ulikt oss å sleppa inn 6 mål. No legg vi denne bak oss og satsar på siger i cupkampen fredag.

Skåra 4, men tapte
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. juni 2010 09:42

Bildeserie:

1 av 6

Os junior elite tok tysdag kveld imot Fyllingen til seriekamp på Kuventræ. I fjor stakk dei av med sigeren i ein jamn heimekamp mot dei blåkledde. I går blei det også jamt eit stykke på veg.

- Vi kjørte godt på i første omgang, og var nær på å ta leiinga før pause. Men eit stykke ut i 2. omgang så gjekk lyset, seier trenar Øyvind Steffensen.

Os - Fyllingen: 4-6 (1-1)

Os sine målskårarar:
Espen Kopperud, Johannes Jordal (straffe), Børge Borgen og Simen Lassen.

Frå 2-2 til 2-5
Fyllingen tok leiinga og Os utlikna på eit halvbrassespark av Espen Kopperud. I andre omgang var Fyllingen tidleg med å ta leiinga igjen, på corner, men Os fekk utlikna igjen på straffe etter at ein Os-spelar blei halde igjen då eit frispark blei lagt inn i feltet.

- Så svikta det dessverre ganske kollektivt, og då markeringane i forsvaret heller ikkje var som dei bør vera drog Fyllingen ifrå. Men dette var god læring for unge Os-gutar mot fysisk sterk motstand, meiner Steffensen.

Os kom seg opp igjen til 3-5 før Fyllingen fekk straffe og auka til 3-6. Kampen enda 4-6.

Fredag kl 20 speler Os junior elite 3. NM-runde mot Bjarg, også den på heimebane.

I videoen under kan du sjå det unge stortalentet Johannes Jordal skåra på straffe (utlikning til 2-2) i gårsdagens kamp mot Fyllingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.