Sport | 02. mars 2015

Skåra avgjerande mål

Mia Torp Nielsen sørga for ekstraomganger med avgjerande skåring i bylagsfinalen.

Skåra avgjerande mål
Mia Torp Nielsen kunne jubla (innfelt) etter å ha utligna til 23-23 eit halvt sekund før full tid i andre ekstraomgang (Foto: Skjermskot frå TV2 Sportskanalen/Andris Hamre)
Andris Hamremandag 02. mars 2015 09:50

Denne helga har dei beste 15 åringane i landet kjempa mot kvarandre i bylagsturneringa i handball i Trondheim. På laget frå region Vest spelte Mia Torp Nilsen frå Søfteland ei avgjerande rolle då Bergenslaget spelte finalen mot Oslo.

Etter å ha blitt knust i siste innleiande kamp av nettopp finalemotstander Oslo (tap 14-23), var det eit revansjelysten Bergenslag som entra parketten i Nidarøhallen i finalen.

Høgdramatiske fire ekstraomganger

Dei to laga følgde kvarandre tettet med 10-9 til Oslo til pause og 18-18 etter ordinær tid. Dermed var det klart for ekstraomganger.

Oslo tok igjen føringa og leia 23-22 med berre få sekund att å spele. Oslo blir avblåst for passivt og Bergen får ballen. Framst i kontringa - Mia Torp Nielsen. Ho får ballen og set den sikkert i mål bak Oslo-målvakten med berre eit halvt sekund att på klokka. Nok til å sikra to nye ekstraomganger.

Også dei to siste ekstraomgangene blir nerverpirrande og jamne. Eit halvt minutt før full tid får Oslo 7-meterkast som dei skårar på. Bergen klarar ikkje å utnytte sekunda som står att og må sjå seg slått 27-28 etter den høgdramatiske finalen og tok med det sølv i den jeve turneringen.

I tillegg til den avgjerande skåringa i andre ekstraomgang, skåra strekspelaren frå Søfteland Bergen sitt første mål i finalen og totalt ni mål i løpet av turneringen.

Osing også på benken

Mia Torp Nielsen var ikkje den einaste osingen som fekk med seg finalen i bylagsturneringen. Trond Budal, som til dagen trenar J14-laget til Os, var eigentleg ein av trenarane til gutelaget i Bergen, men blei henta inn på jentelaget i finalen, då den eine trenaren måtte melda forfall.

– Dette var ei utruleg kjekk oppleving.

– Jentene som var klare for finalen allereie før dei spelte mot Oslo i den siste innleiande kampen roa mykje ned i den kampen, noko som nok tok, iallefall Oslo-supportarane litt på senga.

– I finalen gjer dei ein kjempekamp.

– Mia, tykkjer eg gjer ein god kamp, akkurat som ho gjorde i fleire av dei innleiande kampane, fortel Budal.

Både gute- og jentelaget tok sølv i bylagsturneringen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.