Sport | 11. feb. 2018

Skåra berre fire spelemål på éin omgang

Gode enkeltprestasjonar var ikkje nok då Os tok imot Rælingen 2 i dag.

Skåra berre fire spelemål på éin omgang
Hilde Kristine Røttingen delte ut juling i forsvar og skåra 2 av Os sine 4 spelemål etter pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. feb. 2018 15:36

Bildeserie:

Thiet Dang skåra fem mål før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Line Hjelle Berentsen blei toppskårar med 6 mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Grønvigh sto mesteparten av kampen i mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Marlene Sund hadde strafferedning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Elise Hjelle skåra eitt. Denne lobben gjekk dessverre ikkje inn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nora Berge hadde nokre fine forsøk, men fekk ingen nettkjenning i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Liv Pauline Lunde skaffa utvising rett før ho sjølv skåra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Publikumstalet var 50 på morsdag og fastelavn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gitte Torp leia Os i dagens vanskeleg heimekamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

1 av 9

Damelaget til Os har ein kamp med å halda seg i divisjonen. I dag hadde dei sjanse til å ta to viktige poeng, men rota for mykje både i angrep og forsvar.

– Vi har klare avtalar på korleis vi skal hindra baklengsmål på dei overgangane som kom imot. Vi fekk det til i starten, men så rakna det.

Os hamna under 1-5, henta seg inn til 6-6 og leia 9-8. Men frå 10-10 kom ein svak periode i forsvar og Os låg under 12-18 til pause.

– Når vi i tillegg misser så mykje som vi gjer, og kastar vekk ballen på våre eigne overgangar, så blir det vanskeleg å vinna over eit lag som Rælingen 2, seier assisterande trenar og kampleiar for Os i dag, Gitte Torp.

Os - Rælingen 2 19-27 (12-18)
Os: Tiril Grønvigh, Marlene Sund, Line Hjelle Berentsen 6, Thiet Dang 5, Hilde Kristine Røttingen 3, Elise Hjelle 1, Mia Torp Nielsen 1, Marie Henriksen Håland 1, Irmelin Catarina Munch Lund 1, Liv Pauline Lunde 1, Nore Berge, Frida Sælen Lyssand, Emma Sælen Lyssand og Ayleen Akyüz Hagen.

Thiet Dang skåra 5 mål i første omgang, Line Hjelle Berentsen skåra 3 mål i kvar omgang.

I andre omgang kasta begge lag vekk mange sjansar. Men så byrja gjestane å få det til, mens Os ikkje skåra spelemål før 12 minutt av andre omgang var gått.

Hilde Kristine Røttingen, som var svært sterk i forsvar, skåra 2 av Os sine 4 spelemål etter pause.

Liv Pauline tok grep då ho blei flytta inn som playmaker, der ho på kort tid både skapte utvising til Rælingen 2 og skåra mål.

Men enkeltprestasjonar var ikkje nok i dag.

Botnoppgjer på heimebane i neste runde

Neste kamp går òg heime, då mot Sotra, det einaste laget som er under Os på tabellen.

Sotra står utan poeng før møtet i Oshallen tysdag kveld 20. februar.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.