Sport | 25. sep. 2017

Skåra berre ti mål

Herrelaget til Os fekk ein tøff start på sesongen.

Skåra berre ti mål
Isak Røen heime mot Åsane i fjor. I dag var han, saman med Ludvig Egge Drange, toppskårar for Os med tre mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. sep. 2017 20:39

Os starta i kveld serien borte mot Åsane.

I fjor haust blei det 29-23-siger heime over eit Åsane, som til slutt landa på 3. plass (Os avslutta 2016-2017-sesongen på 5. plass).

I dag blei det tap med heile 27 mål.

– Det er ikkje mot Åsane vi skal ta poenga våre i år, men eg hadde håpa på at vi skulle klara oss betre enn dette, seier Alexander Heggø.

Serieopninga var debuten hans som trenar for 3. divisjonslaget til Os Handball.

Os mangla både Jørgen Wold og Arne Veim Haugland, som har lagt opp, og Ove Lyssand (skade) og Trygve Lerch Dahl (på reise) i serieopninga.

– Vi hang ikkje saman verken framover på banen eller defensivt. Men det som var positivt var at mange av dei unge spelarane fekk spela minst éin omgang, og at debutant Preben Madsen (24) fekk ei gjennomkøyring. Preben er solid, men har vore vekke halvanna år og treng å koma i gang igjen, seier Heggø.

Elles fekk ungdomane Even Hilland Lærum, Jon Hægland, Bendik Oen og Ludvig Egge Drange mykje speletid i dag.

Åsane - Os 37-10 (17-5)
Os: Einar Godø, Isak Røen 3, Ludvig Egge Drange 3, Preben Madsen 2, Nils Andris Hamre 1, Mats Brunvatne 1, Erik Vågen, Kristian Bruarøy, Stian Lepsøe, Even Hilland Lærum, Jon Hægland og Bendik Oen.

Os speler også neste kamp på bortebane, då mot BSI. Også BSI tapte i serieopninga (11-16 mot NHHI heime).

Sesongens første heimekamp er først 21. oktober. Den går mot Sogndal.

Terminliste og tabell



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.