Emilie Christensen fekk meisterskapsdebuten og kvitterte med å skåra eitt mål. (foto: Andris Hamre)

Emilie skåra i meisterskapsdebuten

Emilie Christensen med nettkjenning då Noreg banka Argentina i VM.

Av: Andris Hamre

Emilie fekk tillit av landslagstrenar Thorir Hergeirsson etter 42 minutt då Noreg leia 25-16 over Argentina i Noreg sin andre kamp i VM i Tyskland. 

Kampen var ein av dei Christensen på førehand hadde håp om å få speletid i.

– Eg håper at Thorir lar oss nye få prøva oss når vi har god kontroll. Det handlar jo også litt om å la dei som speler mest få kvila litt innimellom, sa Emilie til Midtsiden før avreise til Tyskland

Skåra i andre angrep

I sitt andre angrep tok ho skotansvar då dommarane markerte for passivt spel. Emilie skaut ballen i mål mellom beina på den argentiske keeperen.

– Det å skåra sitt første landslagsmål er viktig, kommenterte tidlegare landslagsstjerne og no ekspert for TV2, Gro Hammerseng-Edin.

Christensen starta som toar i forsvar og styrte angrepsspelet som midtback. Bakover sleit ho litt i periodar.

– Det er for dårleg av Christensen, ho blir ståande for passivt, meinte TV 2 sin ekspertkommentator Bent Svele.

Christensen blei etterkvart flytta inn i midtforsvaret og gjorde det betre i den posisjonen.

Frekk snapp

Med sju minutt igjen var Emile frekt frampå og snappa ballen ut av henda på den argentiske backen.

– Det er bra forsvarspel av Emilie Christensen, kommenterte Harald Bredeli om Emilie sin frekke snapp.

Noreg slo Argentina 36-21 og er dermed ubesigra etter at dei laurdag slo Ungarn 30-22. Noreg leiar pulja med fire poeng, det same som Tsjekkia.

– Det blir ein kamp litt som venta. Vi kjem bra i andre omgang.

– No fikk vi rullert, alle fekk koma inn og kjenna litt på det, som Vilde Ingstad og Emilie Christensen. Det er bra, oppsummerte Thorir Hergeirsson etter kampen.