Sport | 14. okt. 2014

Skåra praktmål for Brann

Forsvarsspelar Fredrik Heggland sette inn kampens siste mål då Brann trente mot Åsane måndag kveld.

Skåra praktmål for Brann
Fredrik Heggland i intervju med BrannTV etter skåringa mot Åsane måndag kveld. (Foto: Ørjan Håland/SK Brann)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. okt. 2014 07:47

Måndag spelte Brann 2 x 30 minutt treningskamp mot nyopprykka Åsane.

Osingane Fredrik Heggland og Simen Lassen spelte frå start og heile kampen for Brann mot ein annan osing, Vegard Leikvoll Moberg på Åsane.

Brann vann 4-0 etter tre skåringar av Jakob Orlov og éi nettkjenning av Fredrik Heggland.

Fredrik si skåring kom etter eit raid langs høgresida der han fekk vist både kva fart han har og kor god skotfoten er.

– Eg spelte ein del back på Os, men for Brann 2 har det berre vore halvannan kamp ute på sida.

– Det var kjekt å spela back igjen og sjølvsagt kjekt med ei skåring. Det er ikkje så ofte vi midtstopparar får skyta på mål, seier Fredrik til Midtsiden.

Sjå video av skåringa på Brann.no.

Om han får debut i Tippeligaen i år, eller kva som skjer neste år, tenkjer han ikkje så mykje på i desse dagar.

– Eg skal nok i møte med leiinga i Brann om ikkje så lenge, men det kan godt henda at dei ventar til serien er over.

– No er vi mest opptatt av å unngå nedrykk både med A-laget og Brann 2.

Brann ligg på 15. plass av 16 lag når det står igjen fire rundar. Neste kamp går heime mot Sarpsborg 08 fredag.

Brann 2 ligg på 13. plass av 14 lag når det står igjen to kampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.