Sport | 01. sep. 2014

Skåra sigersmålet på overtid

Søre Neset/Nore Neset serieleiar, Søfteland på tredjeplass etter at begge laga vann med eitt mål i helga.

Skåra sigersmålet på overtid
Kristoffer Skjelde blei matchvinnar då han heada inn 4-3-skåringa tre minutt på overtid. Her i oppgjeret mot Søre Neset/Nore Neset i vår (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 01. sep. 2014 12:53

Det dreg seg til i 6. divisjon avdeling 1 etter helgas serierunde.

Både Søre Neset/Nore Neset (1-0 over Øystese 2) og Søfteland (4-3 over Samnanger) vann sine kampar og inntok med det første- og tredjeplass på tabellen. Sædalen tapte sin kamp mot Rosendal (0-1), så no ligg alle dei tre laga med 26 poeng etter 12 serierundar.

– Vi reiste med ein tynn tropp innover til Samnanger.

– Faktisk var vi berre 12 spelarar og eit par av dei har ikkje spelt tidlegare i år, fortel alt-mogleg-mann for Søfteland, Roar Wold.

Siger på overtid

Sjølv om dei var få, kjempa søftelendingane heile vegen.

– Vi leia 3-2 då det gjekk mot full tid, men Samnanger utligna til 3-3 i det 90. minutt.

– Tre minutt på overtid er Kristoffer Skjelde frampå og headar inn sigersmålet.

– Det var ein rimeleg godt nøgd gjeng som kom heim på laurdagen, smiler Wold.

Møtte sju A-spelarar

Søre Neset/Nore Neset fekk det tøft i borteoppgjeret mot Øystese 2.

– Eg fekk ikkje vore med sjølv, så Kenneth Hufthammer leia laget på sidelina.

– Som vi frykta på førehand blei det tøft.

– Øystese hadde los på oss før kampen, og stilte etter det eg har fått tilbakemeldingar om med sju spelarar frå A-troppen i tredje divisjon, mellomanna Matias Møvik som har skåra seksten mål i 3. divisjon.

– Det blei ein krigekamp kor Øystese slapp til litt for mykje i 1. omgangen. Etter at vi la om til 4-5-1 i pausa fekk vi betre kontroll på kampen, oppsummerar heimeverande trenar Kenneth Svenningsen.

Kjedeleg 2. lags-problematikk

Målet kom i første omgang etter at Søre Neset/Nore Neset hadde kome rundt på kanten og fekk lagt ballen inn foran mål. Der dukka Tore Tveit opp frå sin midtbaneposisjon og sette den kontant i mål.

– Eg veit jo det er slik, men problematikken rundt 2. laga irriterar meg.

– No møtte vi eit forsterka Øystese 2, neste gang stiller dei gjerne eit svakare lag.

– Då kan det fort bli tilfeldige resultat der inne, påpeikar Svenningsen som har tru på ein spennande haust.

– Vi er inne i ein god steam og har brukbar sjans til å slå dei laga vi har att.

– Men heilt nøkternt, så trur eg både vi og dei andre laga i toppen kjem til å gje frå oss poeng i løpet av dei seks siste serierundane.

SJÅ TABELLEN

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.